Kontrollkommisjonane i Helse Bergen 

 

Kontrollkommisjonane i det psykiske helsevernet har som hovudoppgåve å ta vare på rettstryggleiken til pasientane.

Kontrollkommisjonen behandlar klager på vedtak etter psykisk helsevernlova. Kontrollkommisjonen skal også føre nødvendig kontroll med pasientane sin velferd.
Kontrollkommisjonen har faste besøk/møte på dei psykiatriske institusjonane.

Alle institusjonar, distriktspsykiatriske senter og poliklinikkar i det psykiske helsevernet er tilknytt ein kontrollkommisjon.

Til kontrollkommisjonen kan du som pasient eller nærmaste pårørande klage på vedtak om:

  • Tvungen observasjon eller tvunge psykisk helsevern (tvangsinnlegging).
  • Vidareføring eller opphøyr av tvunge psykisk helsevern.
  • Tvangsvedtak under gjennomføring av psykisk helsevern.
    Unntak: Klage på tvangsbehandling blir behandla av Helseavdelinga hos Fylkesmannen. 

Du kan klage direkte per telefon, brev eller når kommisjonen er til stades ved institusjonen. Helsepersonell skal ved behov hjelpe til å skrive ei klage og vidareformidle den.

Ingen kan haldast under tvunge psykisk helsevern dersom vilkåra for dette i lova om psykisk helsevern ikkje er til stades. Den som har fatta vedtaket, skal fortløpande vurdere om vilkåra er oppfylte, og i motsett fall treffe vedtak om opphøyr (utskriving). Du eller dine nærmaste kan når som helst be om at tvunge psykisk helsevern stansar.


Kontrollkommisjonar som har ansvar hos oss:

Kontrollkommisjonen for Sandviken:
v/lagdommar Haakon Meyer, Postboks 7414, 5020 Bergen

Psykiatrisk klinikk:

  • Akuttavdelinga psykiatrisk akuttmottak, korttids enininga i Avdeling psykose og Avdeling stemning
  • Blåbærlia og H2 (Blåbærlia og H2 blir flytta til nybygg i Sandviken mai 2012 og inngår i ny avdeling ATP).

Kontrollkommisjonen for Haukeland:
v/lagdommar Margareth Christophersen, Postboks 7412, 5020 Bergen

Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Midhordland og Sotra:
Tingrettsdommar Åge Fred Pedersen, Postboks 18, 5878 Bergen

 



Publisert 06.06.2010 22:03 | Endret 31.08.2011 15:06 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo