Fritt sjukehusval 

 
I Noreg er det rett til fritt sjukehusval. Dette betyr at du som pasient fritt kan velje kva sjukehus du vil ha behandling ved.

Om du ønskjer å søkje behandling ved offentlege, somatiske sjukehus på sentral- og lokalnivå i andre regionar, kan du gjere dette utan å søkje om garanti. Ordninga gjeld òg for einskilde private sjukehus (dei som har avtale med regionalt helseføretak).

Når du nytter deg av retten til fritt sjukehusval, må du dekkje inntil 400 kroner i eigendel kvar veg for reisa. Dette beløpet får du ikkje påført på eigendelskortet. Resten blir dekka av Folketrygda. Søknaden kan sendast direkte frå din fastlege.

Ved tilvising til utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta, skal tilvisinga sendast det sjukehuset som pasienten høyrer til. Dersom pasienten ønskjer det, kan tilvisinga sendast til eit anna offentleg eller privat sjukehus som eit regionalt helseforetak har avtale med.

Opplysningar om ventetider og anna informasjon om fritt sjukehusvalg:

I akutt hjelp situasjonar har pasienten ikkje rett til å velje sjukehus.
Meir informasjon om fritt sjukehusval kan du få ved å ringe grønt nummer 800 41 004, eller ved å besøke nettstaden frittsykehusvalg.no



Publisert 24.05.2010 20:18 | Endret 09.03.2012 13:41 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo