Internett / WiFi 

 
 
 
Alle pasientar og besøkjande kan bruke gratis trådlaust internett på oppmerka område på sjukehuset. Areala er merka med skilt ”Trådløs sone / wireless zone”

Sjå etter gjest.ihelse.net på mobil eller datamaskin.

Passord på SMS
Du som ønskjer å bruke internett blir beden om å legge inn mobilnummeret ditt. Du treng ikkje oppgi andre opplysningar enn det. Brukarnamn og passord får du tilsendt som ei tekstmelding.

Tilgangen du får til internett varer i 24 dagar før du treng å be om nytt brukarnamn og passord.

Årsaka til innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er samme type løysing som fins på flyplassar og hotell.

Du har eige ansvar for bruk av privat kommunikasjonsverktøy på gjestenettet (bærbar PC, mobiltelefon eller spelekonsoll) Gjer deg kjent med reglane Helse Vest IKT har for gjestenett på Haukeland universitetssjukehus. Du ser dei på førstesida når du logger deg på nettverket.

Slik loggar du deg på Wifi

 Informasjonshefte "I beste meining"

 Brosjyren "I beste meining" fra Datatilsynet

Datatilsynet har laga heftet "I beste mening" for å gje nokre innspel til handteringa av bilde av barn på nett.

Last ned Bokmål versjon | Nynorsk versjon | Engelsk versjon

Les meir og bestill heftet på nettsidene til Datatilsynet


Publisert 22.04.2010 15:13 | Endret 02.08.2011 12:57 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo