Resepsjon 

 
I foajeen i Sentralblokka finn du Haukeland universitetssjukehus sin resepsjon. Den er døgnbemanna og våre tilsette her hjelper deg gjerne.
 

Kva kan vi tilby deg?
Frå kl. 07.00 til 21.00 er det muleg å betale eigendel for polikliniske konsultasjonar her. Du kan betale både kontant og med bankkort. Det er ikkje muleg å betale med kontantar på poliklinikkane.

Frå kl 07.00 til 15.00 har vi følgjeteneste, der ein tilsett hos oss følgjer deg som ønskjer det dit du skal på sjukehuset. Vi tilbyr følgjeteneste til og frå poliklinikkane samt røntgen og Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har rullestol for deg som treng det.
Telefonnummer til følgjetenesta: 55 97 20 06.

Vi har utleige av rullestolar til eksterne brukarar til internt bruk på sjukehuset. Vi tar kr. 50 i depositum.

Vi hjelper deg med å bestille drosje.

Vi tar oss av pasientførespurnader.

Vi kan gi deg informasjon om kvar dei ulike avdelingane og postane er på sjukehusområdet.

Vi tar i mot hittegods, og utleverer hittegods dersom det er innlevert same dag/ same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/ teknisk kundesenter.

Vi har oppbevaringsboksar der du kan ha tinga dine for kr. 20/ 30 per døgn.

Kontakt
Telefon: 55 97 20 00


Publisert 03.06.2010 10:37 | Endret 27.08.2010 12:49 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo