Ordforklaringar 

 
Her finn du nokre ord og forkortingar som blir mykje brukt i saker som omhandlar spesialisthelsetenesta.
 

RHF – Regionalt helseføretak, eks. Helse Vest. I Norge er det fire regionale helseføretak.

HF – Lokalt helseføretak, eks. Helse Bergen. Under Helse Vest er det fem lokale helseføretak. Helse Bergen, Helse Førde, Helse Fonna, Helse Stavange og Apoteka Vest.

Helseføretak – Er ei verksemd som skal yte helsetenester til befolkninga i helseregionen og som er eigd av staten. Kvart helseføretak har sitt eige styre, og ein dagleg leiar som har tittelen administrerande direktør. Det finst ei eiga lov om helseføretak. Eit helseføretak er ganske likt eit AS, men det finst viktige forskjellar. Eit føretak kan ikkje gå konkurs og har avgrensa tilgang til å ta opp lån. I tillegg har brukarane innverknad på korleis helseføretaket legg til rette verksemda.

Helse Bergen - Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, består av 11 tidlegare sjølvstendige einingar. Desse einingane er no avdelingar, klinikkar eller divisjonar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus.

ISF  - Sidan 1997 har dei somatiske sjukehusa delvis blitt finansiert gjennom ei stykkprisordning kalt innsatsstyrt finansiering (ISF). Denne er basert på aktivitetsregistreringar ved dei aktuelle institusjonane, eit klassifiseringssystem (DRG) som viser ressursbehovet mellom dei ulike pasientgruppene. Gjennom finansieringssystemet blir delar av finansieringa til dei regionale helseføretaka gjort, avhengig av kor mange pasientar som får behandling. I 2005 dekkjer refusjonsdelen 60 prosent av gjennomsnittskostnadane for pasientgrupper som er inkludert i ordninga. Resterande 40 prosent blir dekt av basisløyvinga (rammetilskot).

DRG  - Diagnoserelaterte grupper er eit klassifikasjonssystem som grupperer pasientar i medisinsk meiningsfulle og ressursmessig homogene grupper. Det finst om lag 500 diagnoserelaterte grupper. DRG blir blant anna brukt til å rekne ut kostnad per sjukehusopphald. Eksempel på ei gruppe: 225 operasjonar på ankel og fot. Det finst lister over alle gruppene som legane brukar når dei skriv DRG-kodar. 

DRG-poeng - Prisen ein får for eitt DRG-poeng er i 2006 fastsett til 31.614,- kroner (Så mykje kostar ein gjennomsnittpasient). ISF-refusjonen utgjer 40 prosent av denne prisen. Det vil seie 12.646,- kroner per poeng.

DRG-vekt – Ressursforbruket for ei pasientgruppe i forhold til gjennomsnittspasienten (eitt DRG-poeng).
Eksempel: Operasjon på ankel og fot gir ei DRG-vekt på 0,55 i forhold til ein gjennomsnittspasient (eitt DRG-poeng). Det vil seie at Helse Bergen får 6.955,- kroner for ein operasjon på ein ankel.
Eit anna eksempel: Operasjon på skjoldbruskkjertelen har ei DRG-vekt på 1,21. Det vil seie litt meir enn ein gjennomsnittspasient. Helse Bergen får ein DRG-refusjon på 15.301,- kroner.

RTV-takst - Rikstrygdeverket sine takstar for finansiering av polikliniske konsultasjonar. Polikliniske konsultasjonar der RTV-takst finst, blir ikkje finansiert gjennom ISF. 

Fordeling / ramme / ISF - For 2006 er ISF-refusjonen 40 prosent (sjå over). Det vil seie at 60 prosent av foretaka blir finansiert via rammetilskot. ISF-delen er avhengig av aktiviteten/kva behandling pasientane får på sjukehusa.

Liggjedøgn - Ein pasient som overnattar i sjukehuset har eitt liggjedøgn ved sjukehuset, kvar overnatting gir eit nytt liggjedøgn. Det blir ikkje rekna liggjetid for dagpasientar.

Sjukehusopphald - Samanhengande opphald på sjukehus for ein innlagt pasient. Både heildøgnsopphald og dagopphald blir rekna som sjukehusopphald.

Poliklinisk konsultasjon - frammøte/besøk på ein poliklinikk.

Poliklinikk – Institusjon for undersøking og behandling av pasientar som ikkje er innlagt på sjukehuset. Eksempel: Poliklinikken på Barneklinikken.

Poliklinisk - Pasientar som blir behandla utan at dei blir innlagt på sjukehuset.

Somatikk – Kroppsleg (motsett: Psykisk).

Palliativ – Palliativ behandling er lindrande behandling som retter seg mot sjukdommen sine symptom, utan å påverke sjukdomsforløpet. Det vil seie symptomlindrande behandling i livet sin sluttfase. Slik behandling er aktuell for pasientar med sjukdom som ikkje kan kurerast. For eksempel for kreftpasientar som ikkje kan lækjast. Palliativ behandling rettar seg særleg mot smerter og andre plagsame symptom som kvalme, brekkingar og søvnforstyrringar.

Elektiv – Planlagt. Motsett av akutt.

ØH – Øyeblikkeleg hjelp 

Journal – Ordna oppteikningar om ein pasient. Ein journal på eit sjukehus blir ofte innleia med ein oversikt over diagnosar pasienten har lege på sjukehus for tidlegare, og eventuelt kopiar av tidlegare epikriser. Deretter følgjer tekst med sjukehushistorie og undersøkingar samt tilvisingar til spesialundersøkingar og svar på desse. Blir avslutta med samandrag og konklusjonar. Pasienten har innsynsrett i sin eigen journal. 

Epikrise - Ei skiftleg samanfatning og avsluttande bedømming av eit sjukdomstilfelle med opplysningar om diagnose og behandling. 

Diagnose – Presis beskriving av ein sjukdom.

Kurativ – lækjande, kurerande.

Klinisk – Studiet av sjukdommar ved direkte iakttaking av pasientar. Eks. klinisk psykologi.

Nivå 2-leiarar – Leiarar som rapporterer direkte til administrerande direktør. Det vil seie klinikksjefar, avdelingssjefar, divisjonsdirektørar og stabsdirektørar. I Helse Bergen er det 25 Nivå 2-leiarar.

Første - og andrelinjeteneste – Førstelinjetenesta er primærhelsetenesta, eks. fastlege. Andrelinjetenesta er spesialisthelsetenesta, eks. Haukeland universitetssjukehus.

Kompetansesenter - Eit senter som har spesifikke funksjonar og kompetanse når det gjeld forsking og undervisning innanfor eit bestemt fagområde eller tema. Formålet er at den kompetansen ein har skal overførast til andre delar av verksemda. Det finst regionale og nasjonale kompetansesener. (Det er departement og direktoratet som har godkjent opprettinga av desse.) Eksempel på kompetansesenter: Nasjonalt kompetansesenter for søvnsykdommer.

Basalforsking - Grunnforsking - forståing av grunnleggjande mekanismar i sjukdommar og i normal kropp. Grunnforsking treng ikkje ha noko anvendt siktemål, for eksempel biologisk forsking (herunder typiske laboratorieforsøk), for eksempel undersøking av menneske sine gener og genene sin funksjon. Forsking som ikkje har direkte relevans for den daglege pasientbehandlinga. Basalforsking foregår hovudsakleg ved universitet og det som kjenneteiknar eit universitetssjukehus er at vi er nært knytt til slike grunnforskings- miljø.

Klinisk forsking - Er forsking som er nært relatert til pasientar sin diagnose, behandling og prognose. For å kunne utføre slik forsking er ein avhengig av pasientane sitt samarbeid og positive innstilling. Klinisk forsking er forsking som skapar grunnlag for direkte forbetringar i diagnostikk, pasientbehandling, pleie av pasientar og bedre kostnadsutnytting av helsemidla. Det er helseforetak som har eit hovudansvar for å utføre klinisk forsking. Eksempel på klinisk forsking: Observasjonsstudiar.
Translasjonell forsking -  "samarbeidsforsking" mellom den pasientretta kliniske forskinga og den typiske (basale) laboratorieforskinga. Samarbeid og overføring av idear frå grunnforsking til klinisk forsking eller motsett. Resultatet av translasjonell forsking er tverrfaglege forskingsprosjekt som knytter basal og klinisk forsking tettare saman.


Publisert 22.04.2010 14:56 | Endret 28.11.2011 09:13 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo