Frisør 

 
I 3. etasje i Sentralblokken finn du Haukeland frisør. Frisørsalongen er open for alle, både pasientar, pårørande, tilsette på sjukehuset og andre besøkande.
 

Opningstider
Måndag til fredag: 09.00 - 17.00
Laurdag og søndag: Stengt

Om oss
Haukeland frisør har fem faste tilsette, og konkurransedyktige prisar, blant anna har vi 15 prosent studentrabatt.

Vi har eit av dei største utvala i parykkar i Noreg, og for oss er det like naturleg å levere parykkar til dei som treng det, som å klippe og stelle håret til kundar.

Vi har ei eiga parykkavdeling slik at kunden får både rettleiing og fred og ro til å velje ut parykken sin. Vi har lang erfaring med parykkar og butikken har vore på sjukehuset sidan Sentralblokken opna i 1983.

For oss er det viktig å vere meir enn berre frisørar. Målet vårt er å gi noko meir enn ”berre” ein hårklipp og vanleg hårstell. Vi veit at det er godt å kunne få stelt seg etter nokon dagar i sjukesenga. Ingenting er for lite eller for stort for oss.

Om pasientane er for dårlege til å kome ned i salongen, kjem vi gjerne til rommet for å klippe eller stelle dei der.

Butikken er også tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Kontakt

Timebestilling, tlf: 55 29 54 12

Noko du lurar på?

Dagleg leiar Jan Isdahl-Kezdi.
E-post:
j-isdah@online.no
Mobil: 92 25 16 68

 


Publisert 02.06.2010 15:15 | Endret 27.08.2010 12:26 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo