Foto og film
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset.
Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og venner som blir avbilda.
Det er likevel ikkje lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfelle der bilde av medpasientar / tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.
Vi håpar alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og venner.
Publisert
01.06.2010 19:10 |
Endret
12.05.2011 14:14