Apotek 

 
Publikumsavdelinga til Haukeland Sjukehusapotek ligg sentralt tilgjengeleg i Foajeen i Sentralblokken på Haukeland universitetssjukehus.
 

Vi har pasienten i fokus og har eit breitt vareutval og skaffar legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt.

Dei tilsette på Haukeland Sjukehusapotek er høgt utdanna med farmasøytisk og apotekfagleg kompetanse. Publikumsavdelinga blei nyleg utvida med ekstra areal og fleire direkteresepturar og vi ønskjer deg velkommen til lyse og fine lokale.

Vi ønskjer å gje deg som pasient tryggleik ved bruk av legemiddel, i tillegg til kort ventetid og ei god oppleving av å vere kunde hos oss. Vi gjer klar resepten din medan du ventar og vi gir informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk.


Publikumsavdelinga ved Haukeland Sjukehusapotek kan tilby:

  • Fagpersonale med farmasøytisk og apotekfaglig kompetanse
  • Dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga
  • Spisskompetanse på produksjon av særskilde legemiddel
  • Ekspedering av resept medan du ventar
  • Rådgiving og rettleiing i bruk av legemiddel
  • Kontakt med lege på sjukehuset om det er uklarheiter vedrørande resept eller bruk av legemiddel
  • Samtale/rettleiing mellom personale og pasient på uforstyrra samtalerom
  • Opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat
  • Godt utval av hudpleie og hygieneartiklar, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar
  • Vi har fokus på ernæring og har eit godt utval av ernæringsprodukt, vitamin og kosttilskot
  • Mottak av gamle legemiddel til destruksjon

Publisert 03.06.2010 10:52 | Endret 27.08.2010 13:02 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo