Urinlekkasje 

 

 Kategoriar

 Diagnose

Ved Gynekologisk Poliklinikk, Haukeland universitetsjukehus, kan vi hjelpe deg dersom du er plaga av problem med urinlekkasje. Vi er fleire yrkesgrupper som samarbeider om utredning og behandling av urinlekkasje hos kvinner. Du vil kunne møte både lege, uroterapeut og fysioterapeut.

Dersom du har slike plager og ønskjer hjelp, kan du be primærlegen din om ei tilvising til Gynekologisk Poliklinikk. Du vil då få tilsendt nokre skjema til utfylling før første møte her, og det er særs viktig at disse er ferdige når du kjem, for å betre utgreiinga av dine plager. Første møte vil det gjerast ei grundig gjennomgang av plagene dine og ei vanleg gynekologisk undersøking.
Behandling kan vere trening med uroterapeut eller fysioterapeut, tablettbehandling eller operasjon, alt etter kva slag lekkasje og andre sjukdommar du har.

Til deg som skal opererast for urinlekkasje TVT/TVT-O, TOT, eller vaginal slyngeplastikk
Operasjonen blir utført hos kvinner som har anstrengingslekkasje (stressinkontinens), dvs. urinlekkasje ved hosting, nysing, fysiske anstrengingar osv. Ved inngrepet blir eit band av kunststoff (prolen) plassert under urinrøret. Bandet blir ikkje absorbert, men skal gi permanent støtte resten av livet. 80-90 prosent blir kvitt lekkasjeproblema ved denne operasjonen.

Dersom ein i tillegg har urinlekkasje ved sterk trong (tronglekkasje/ urge-inkontinens) kan også den lekkasjen bli noko betre. Hos nokon blir tronglekkasjen verre og hos nokon få oppstår tronglekkasje etter slyngjeoperasjon.

Operasjonen blir utført med lokalbedøving, supplert med smertestillande og avslappande midlar. Du er vaken, og kan samarbeide i form av hosting på kommando, slik at stramming av bandet kan tilpassast. Det kan nokon gonger vere vanskeleg å stramme bandet rett. Blir bandet for stramt kan det bli vanskeleg å late vatnet. Det kan i så fall bli nødvendig å slakke bandet neste dag.

Det vanlegaste er at slyngja leggast opp på kvar side av urinrøret, mellom blæra og skambeinet (TVT). Ein har då ein liten risiko for å lage hull i urinblæra. Undervegs vil ein derfor lyse opp i blæra for å oppdage eventuelle hol, og plassere slyngja korrekt. Eit slikt hol vil gro berre blæra blir avlasta med eit kateter i nokon dagar.

Er det auka risiko for å skade blæra (som etter nokon tidlegare operasjonar i underlivet) vil vi gjerne tilrå ein alternativ operasjon (TOT eller TVT-O). Då blir bandet ikkje lagt opp bak skambeinet, men ut til sida under bekkenbeinet mot lysken/ låret. Denne operasjonen har ikkje vore nytta i så mange år som TVT, men foreløpige studiar viser likeverdig resultat på kort
sikt.
 
Reaksjon på bandet er svært sjeldan. (Tilsvarande materiale har vore nytta i annan kirurgi i over 25 år). Alvorleg komplikasjon i form av bløding er svært sjeldan. Infeksjon kan førekomme ein sjeldan gong. For å førebygge urinvegsinfeksjon får du medisin som skal brukast fem døgn etter inngrepet.

Det er viktig at du får late vatnet etter operasjonen, og at det ikkje er for mye urin i blæra etter toalettbesøk (resturin). Dette kontrollerast anten ved ultralyd eller ved at det blir ført inn eit eingongskateter til urinblæra etter at du sjølv har late vatnet. Dette medfører ikkje smerte. Du kan reise heim når resturin er under 100 ml. Nokre gonger blir ikkje vasslatinga normalisert heilt første døgnet, og ein må overnatte på sjukehuset og å ta ny kontroll neste morgon.

Urinstråla blir ofte lett redusert etter inkontinensoperasjon. Dei fleste opplever at ein latar vatnet langsommare enn før. Det er viktig å ta seg god tid ved vasslating, slik at blæra blir tømt heilt. Du kan oppleve å måtte late vatnet fleire gonger etter kvarandre, spesielt på morgonen den første tida etter inngrepet.

Du kan forvente litt smerte etter operasjonen. Du må ha paracetamol heime, og du vil kunne få resept på supplerande smertestillande viss du treng dette.

Det kan førekomme ei lita feberstigning den første kvelden og natta. Aktivitetsnivået blir regulert i forhold til smertegrensa, men dei første vekene bør du være litt forsiktig. Unngå tunge løft dei første fire vekene etter operasjonen.

To små sår i huda og eit lite sår i fremre skjedevegg blir sydd med sting som ikkje skal fjernast. (Stinga løyser seg opp av seg sjølv). Gjennomsiktige plastbandasjar treng ikkje å skiftast sjølv om dei blir våte, berre dersom dei er blødd gjennom. Bandasjane kan fjernast etter ei veke dersom dei ikkje har falle av tidlegare.

Du som røyker må vere klar over at det kan gjere deg uvel etter inngrepet/ bedøvinga. Du bør vere førebudd på å vente med å røyke til du har kome heim.

Du kan dusje etter eit døgn. Du bør unngå karbad og basseng til såra er grodd. Unngå samleie i 4 veker.
Du vil bli sjukemeldt i om lag 14 dagar. Obs! Husk at du som nyoperert også treng ro og kvile.

Du får tilsendt time til kontroll hos uroterapeut i Gynekologisk poliklinikk 6 månader etter inngrepet.

Ta kontakt med lege dersom:
• Du ikkje klarer å late vatnet på mange timar.
• Du har feber over 38 grader som ikkje normaliserer seg innan to dagar.
• Du får bløding frå såret, det vil seie at bandasjen blir gjennomblødd fleire gonger om dagen.

Du kan ta kontakt med Kvinneklinikken
Tlf: 55974292 (Gynekologisk avdeling post 3) før kl 15.00
eller 55974221 (Gynekologisk avdeling post 2)


Publisert 24.05.2010 00:46 | Endret 22.06.2010 18:58 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo