Spontanabort (Abortus spontaneus) 

 

 Kategoriar

 Diagnose

 Blir utført ved

Behandlinga blir bestemt av kor langt svangerskapet har kome og av funna ved undersøkinga. Ved eit svangerskap som har vart kort tid, eller utstøytinga har kome i gang av seg sjølv, blir det som regel ikkje gitt behandling. Livmora tømmer seg sjølv. Dersom ein tar ein type tablett som gir samantrekningar i livmora (Cytotec) kan det gå litt raskare.

Alternativet kan vere utskraping frå livmora. Det blir gjort dersom det er rikeleg innhald i livmora eller dersom ei rikeleg bløding ikkje stoppar av seg sjølv i løpet av ein dag eller to. Slik kan tida som dette tar kortast ned og plagene bli redusert. Infeksjonar er sjeldne, og symptoma på desse er feber, smerter og eventuelt aukande bløding. Dersom dette kjem, eller graviditetsfølelsen ikkje forsvinn, bør eigen lege/ gynekolog eller Gynekologisk avdeling ved Kvinneklinikken kontaktast.

Det vevet som blir fjerna ved utskraping blir nokre gonger sendt til undersøking for å vere sikker på at det verkeleg var snakk om ein graviditet. Elles blir det behandla som anna biologisk materiale (destruert). Dersom svangerskapet har kome lenger enn 13 veker (bedømt etter storleiken på fosteret), kan ein velje om det aborterte fosteret skal gravleggjast, settast ned i ein anonym minnelund for aborterte fostre, eller behandlast som anna biologisk materiale. Vi kan forklare deg nærmare om kva dette er snakk om dersom du ønskjer meir informasjon.

Etter utskraping eller ved spontant forløp er det normalt å blø som ved ein liten menstruasjon i nokre dagar og opp til 2 veker. Nokon har også svake menstruasjonssmerter. Du behøver ikkje ta nokre forholdsreglar med omsyn til fysisk aktivitet, men så lenge du blør er det naturleg å halde seg unna samleie og bad i badekar/ symjehall, og du bør bruke bind, ikkje tampong for å ikkje få infeksjon i livmora.
Vi tilrår at du ventar til etter første menstruasjon med å prøve å bli gravid igjen. Ei menstruasjonsbløding vil venteleg kome etter omkring ein månad, og vere litt kraftigare og med litt meir smerte enn vanleg. Vil du begynne med p-piller kan du starte den dagen du har sjølve aborten eller utskrapinga skjer, eller dagen etter.

Ved behov kan du bli sjukemeldt eit par – tre dagar i samband med spontanaborten.


Publisert 24.05.2010 20:18 | Endret 22.06.2010 20:58 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo