Smertelindring ved fødsel 

Å føde er ei samansett og unik oppleving. Det er eit hardt arbeid og eit slit for kroppen.
Fødselen er inndelt i fasar der styrken i fødekrafta/ smerta vil variere.
Av Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus
 

 Kategoriar

Den fysiske smerta kjem som resultat av at livmora, som er ein stor muskel, trekkjer seg saman, livmormunnen opnar seg og barnet passerer gjennom fødselskanalen og frigjer seg.
Erfaringar og haldningar i forhold til smerte (eller syn på smerte) i vår kultur, vil ha noko å seie for korleis du taklar fødselssmerta. Smerta er individuell og vi har ulike tålegrenser.
Fokusering på den positive delen av fødselsarbeidet vil auke toleransen for smerta.
Vi som fødselshjelparar har stor tro på deg som fødekvinne og vi vil arbeide aktivt for at du skal føle deg trygg.

Førebuing
Ved førebuing i graviditeten kan du sjølv forsterke kapasiteten din til å føde både fysisk og psykisk. Du kan byggje opp eit positivt bilete av din eigen mulegheit til å føde barn ved for eksempel bevisst å arbeide med avslappingsøvingar. Det er viktig å bruke dei som har omsorg for deg i svangerskapet (jordmor/ lege) til å arbeide med ting du synast verkar tungt/ vanskeleg.
Det har mykje å seie for din smertetoleranse at du er utkvilt før fødselen. Mat og drikke er viktig og krevjast for din konsentrasjon og evna til å halde ut.
Dersom det er mulegheit for det, kan ei omvising på Kvinneklinikken før fødselen gjere at omgjevnadane rundt fødselen blir kjent. Vi vil også oppfordre deg til å gå igjennom fødselen med jordmor eller lege etter at du har født.

Behandling
Kroppens eige smertelindrande system

Kroppen produserer sjølv fleire ulike smertelindrande stoff som liknar morfin, blant anna endorfinar. Under fødselen er endorfin-frisetjinga størst når barnet blir fødd.
 
Smerteopplevinga kan også kontrollerast gjennom den såkalla "grindteorien". Det betyr kort sagt at smertesignal kan blokkerast/ avledast ved for eksempel berøring og massasje slik at ein opplever mindre smerte.
 

Pust
Det er ein hjelp for deg dersom du nå i graviditeten øver deg på å trekkje pusten djupt og kjenne at det er ved utpusting kroppen er avspent. Dette er til god hjelp under rier.

Dusj og bad
Mange kvinner synast dusj/ bad har ein avspennande og smertelindrande effekt. Ein føler seg mindre stressa, og redsel og uro kan minske, som vidare bidrar til ei mental og fysisk ro. Endorfin-nivået vil også auke fordi ein føler seg vel i varmt vatn.

Bevegelse/kvile
Det er viktig å finne ein balanse mellom bevegelse og kvile. Når du arbeider saman med kroppen, klarer du betre å lytte til kroppens signaler.
Ved oppreist stilling blir det eit betre pustemønster og barnet vil trivast betre. Riene blir meir effektive og arbeider mot mindre motstand.
 
Massasje
Massasje kan gjere godt i mange ulike former, alt frå lett stryking, djup gniding til kontinuerlig trykk.
Det er godt å ha ein følgjesven til hjelp med massasje. Jordmor vil også vere der til hjelp.

Varme og kulde
Varme og kalde omslag har ein langvarig tradisjon i forhold til å lindre fødselssmerter. Effekten er varierande. Varme eller eventuelt kalde omslag plasserast der smerta er mest intens på ryggen eller på nedre del av magen.
 
Akupunktur
Akupunktur nyttast som smertelindring. Akupunkturnåler blir sett på ulike stader for å lindre smerta i de ulike fasane i fødselen. Ein viktig effekt synast å vere god avslapning, noko som igjen reduserer behovet for anna smertelindring. Tilbodet finnast både på Storken og på Fødeavdelinga. Ein er likevel avhengig av at det er ei jordmor på vakt som har utdanning i bruk av akupunktur.
Transkutan nervestimulering (TNS)
Dette er enistimulering av huda. Elektrodar med lågspenningsstraum blir plassert over smertefulle område. Meininga er å distrahere bort smerta. TNS kan ha effekt på ryggsmerter i tidlig opningsfase i fødselen.
Tilbodet har ikkje vore mykje brukt ved Kvinneklinikken.

Steriltvasspapler
Det er jordmor som set sprøyter, ca 0,1ml, med sterilt vatn like under huda. Ved innstikket vil det oppstå ei brennande/ sviande smerte i ca. 20 sekund. Måten er spesielt effektiv ved ryggsmerter. Steriltvasspapler er ufarleg og kan gjentakast.
 
Lystgass
Lystgass er ein vanleg smertelindringsmetode mange stader. Den verkar betre på nokon enn andre. Lystgass er en fargelaus gass med svak søtaktig lukt.

Tilbodet blei stoppa på Kvinneklinikken i 2003, sidan det blei målt for høge konsentrasjonar av lystgass utanfor fødestogene.
 
Lokalbedøving
Det blir brukt lokalbedøving dersom det er nødvendig å sy etter fødselen.
 
Smertestillande sprøyter
Eit medikament som tidlegare har vore mykje brukt er Pethidin. Medikamentet gir avslapping som kan vere ein fordel under fødselsarbeidet, men det gir lite direkte smertestillande effekt. Biverknader hos mor er at ho kan bli sløv og få rusfølelse. Pethidin kan påverke i kva grad barnet er vakent og korleis det syg dei første dagane etter fødselen.
Dette medikamentet blir brukt lite ved Kvinneklinikken per i dag.
 
Pudendalblokade
I sluttfasen til fødselen kan pudendalblokade gi god smertelindring av området rundt fødselsopninga. Jordmor set lokalbedøving på to punkt inn i skjeden like før barnet blir fødd. Den kan gi forbigåande nedsett følelse i beina. Den kan også hemme følelsen av refleksen som oppstår når du skal vere med å skuve/ trykkje barnet ut.
Pudendal kan vere eit alternativ i staden for epidural ved raske fødslar.
 
Epiduralbedøvelse
Nokre kvinner blir tilrådd å få innlagt eit epiduralkateter av medisinske grunnar (for eksempel overvekt, seteleie, tvillingar eller svangerskapsforgifting).
Det kan også vere fødselshjelparen (jordmor/ lege) som tilrår epiduralbedøving, eller kvinna ønskjer det sjølv.
Epiduralbedøving er ei bedøving i nærleiken av ryggsøyla (ikkje ryggmargen) som må settast av spesialutdanna personale.
Det er svært liten risiko for alvorlege komplikasjonar ved epiduralbedøving. I barselperioden kan det i sjeldne tilfelle oppstå hovudpine, som det finnast effektiv behandling for. Lokale ryggsmerter rundt innstikkstaden hender, men dei er vanlegvis forbigåande og ufarlege. Biverknader under fødselen kan vere kløe, lågt blodtrykk, feber eller problem med å late vatnet.
Fødekvinner med epiduralbedøving kan få behov for eit medikament som aukar styrken og hyppigheita på riene. Epiduralbedøving påverkar barnet i svært liten grad.
Ei moderne føde-epiduralbedøving gir god smertelindring i opningstida og har lite å seie for muskelkraft, slik at du kan bevege deg nærmast fritt. Epiduralbedøving er mindre effektiv smertelindring i utdrivingsfasen, der barnet blir fødd. Det er derfor viktig å velje det rette tidspunktet til å gi epiduralbedøving.

Piercing og smykker kan vere til hinder for bedøving, og vi ber derfor om at alt blir fjerna i god tid før fødselen.


Publisert 16.05.2010 21:48 | Endret 07.06.2010 22:36 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo