Sarkom 

 

 Kategoriar

 Blir utført ved

Sarkomsenteret i Bergen
Oktober 2003 starta nyorganisering av Sarkomsenteret ved Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, post 2 sør ved Haukeland universitetssjukehus.
Dette omfatta blant anna at også kirurgisk behandling til pasientar med sarkom ble utført ved Kreftavdelinga sin post 2 sør.

Medisinsk ansvarlig: Odd R. Monge, Dorota Goplen og Clement Stig Trovik (ortoped).

Bakgrunn
Det var ønskjeleg at pasienten skulle vere innlagt ein stad under hele behandlingsperioden. Planen var at behandlingsresultata for pasientar med slike svulstar blei best om dei blei tatt vare på av det same fleirfaglege høgspesialiserte teamet. Men og at omsorga blei enda betre ved at pasientane blei samla i ei felles eining som tar vare på alle typar behandling av denne pasientgruppa. Pasientane var tidlegare innlagt ved Ortopedisk avdeling i den kirurgiske fasen, og den onkologiske behandlingen (kjemoterapi og strålebehandling) blei gitt ved Kreftavdelinga.
Etableringa av ei slik nyorganisering av ortopedisk-onkologisk service, er eit fleirregionalt tilbod for behandling av pasientar med sarkom. Dette er også eit samarbeid mellom Ortopedisk avdeling, Barneklinikken, Radiologisk avdeling, Avdeling for patologi og Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk.


Kva er sarkom?

Sarkom er svulstar som går ut frå; blautvev 80 %, beinvev 20 %.
Svulstane er sjeldne, dei utgjer 1% av alle krefttilfelle, som utgjer om lag 200 tilfelle i Noreg kvart år. 20-25 % av desse blir behandla i Helse Vest.

Behandling

Etablert behandling

:

Kirurgi, kjemoterapi, strålebehandling - ofte i kombinasjon

Utprøvande behandling

:

Regional hypertermi (varmebehandling)







Fleirmodal (kombinasjon) behandling kan vere langvarig, opptil ¾ - 1år.


Kjemoterapi har ført til ei betydeleg betring i overleving ved enkelte sarkomformer. Moderne kirurgisk behandling har ført til at det i dag er muleg å bevare funksjon i bein og armar hos om lag 90% av pasientane framfor tidlegare amputasjon.



Samarbeidspartnarar

- Koordinator for Sarkomsenteret – sekretær.
- Ortopedisk Poliklinikk (tumorpoliklinikk), utgreiing, biopsiar, kontrollar.
- Poliklinikk Kreftavdelinga
- Fysioterapiavdeling, organisere/ skaffe utstyr til opptrening av pasient og dagleg trening med pasient på post.
- Smerteklinikken
- Sosionom
- Ernæringsfysiolog
- Tannpleiar
- Psykolog


Erfaring så langt

Kreft post 2 sør har lang erfaring med behandling av sarkompasientar med ulike behov for pleie, rettleiing, omsorg og psykisk oppfølging. Posten har mange kreftsjukepleiarar, og har omsorg for pårørande og særleg barn der pårørande er i fokus. Heile personalet har etablert erfaring også med kirurgisk sjukepleie. For personalet har dette vore, og er, ei positiv utfordring. Tilbakemeldingane frå pasientar og pårørande er svært positive. Blant anna er det blitt gitt uttrykk for at det å vere i dei same omgivnadene med kjent personell under heile behandlingsopplegget blir opplevd trygt.

Etterbehandling
Etter avslutta behandling er det behov for langvarig oppfølging – ofte livslang.


Publisert 26.01.2011 12:23 | Endret 26.01.2011 14:46 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo