Protesar i andre ledd enn hofte og kne 

 

Albogeprotese blir sjeldan brukt. Det blir operert inn om lag 30 slike protesar årleg, vanlegvis hos revmatiske pasientar. Resultata er vanlegvis gode, og gir god mobilitet og smertelindring. Haldbarheita er noko dårlegare enn for kneprotesar.

Ankelprotese blir brukt av revmatikarar og etter ligamentskader og brot. Resultata er ikkje så gode som for andre ledd. Dei gir god smertelindring, men ikkje så god mobilitet, og kan hos nokon gi sårproblem etter operasjonen.
Haldbarheita er dårlegare enn for hofte- og kneprotesar.

Skulderprotese blir brukt av revmatikarar, artrosepasientar og etter brot. Smertelindringa er bra. Derimot er mobiliteten ikkje så god etter brot og hos revmatiske pasientar. Hos artrosepasientar er mobiliteten vanlegvis betre. Haldbarheita av protesane er god. 

Fingerprotesar blir som regel brukt av revmatikarar, og er vanlegvis laga av silikon. Haldbarheita etter ti år er god, men det er noko brekkasje av silikonprotesane.

 Kategoriar

 Blir utført ved


Publisert 01.06.2010 14:25 | Endret 01.06.2010 16:46 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo