Prostatakreft (Cancer Prostatae) 

Denne sjukdommen angriper mange. Fleire enn 2000 kvart år i Noreg får påvist prostatakreft, og dei fleste har menn i sin nære omgangskrets eller familie som er blitt behandla for dette.
Av Kreftavdelinga, Haukeland universitetssjukehus
Prostatakreft (Cancer Prostatae)  
Sjukdommen kan bli oppdaga på fleire vis.
Det kan vere symptom frå urinvegane, som gjer at ein får mistanke: til dømes bløding og vasslatingsproblem.
Ein kan også få påvist forhøga nivå av prostata spesifikt antigen (PSA) i blodet.

 Kategoriar

 Blir utført ved

Undersøking

 

For å kunne stille ein sikker diagnose, må det bli gjort ei vevsprøve (biopsi) frå prostatakjertelen.
Saman med kirurgen si undersøking av prostatakjertelen i endetarmen og informasjon om nivået av PSA i blodet, dannar vevsprøva grunnlaget for å kunne avgjere kva for ei behandling som er mest teneleg i ditt spesielle tilfelle.
Sidan du skal ha strålebehandling, vil vi gå litt nærmare inn på den behandlinga. La oss først sjå på de anatomiske forholda  - plassere prostata på kartet så og seie. (fig).

Prostata er ein kjertel som ligg rundt urinrøret og mellom blære og endetarm. Dersom ein tenkjer seg kva som er føremålet med desse to organa er det lett å sjå at dei kan bli samanlikna med ein septiktank med to åtskilde kammer. Volumet i blære og endetarm aukar og minskar med innhaldet. Lagringskapasiteten på desse ”tankane” er avhengig av kor elastiske veggene er.


Førebuing
Strålebehandling (ved lokalisert sjukdom utan spreiing)
Når ein skal strålebehandle prostata er det nødvendig å behandle eit litt større område enn sjølve kjertelen (fig). Det er fordi det er ein viss bevegelse i prostata som har noko å gjere med at ein pustar og liknande.

 


 
Vi har også valt å legge på ein liten sikkerheitssone for å kompensere for eventuelle små unøyaktigheiter under innstillinga på stråleapparatet. Med dei teknikkane vi bruker i dag er vi likevel i stand til å treffe svært nøyaktig med strålebehandlinga, men nøyaktig planleggingsarbeid ved innstilling av strålefelta må til for å lukkast. Derfor er det tatt i bruk avansert røntgenundersøking med datateknikk (såkalla CT) for nøyaktig å kunne bestemme prostata si plassering i kroppen. (fig)



CT og doseplan 

 

CT-bileta dannar grunnlaget for å lage ein tredimensjonal datamodell av bekkenet og bekkenorgana. Denne modellen blir brukt til å berekne kor mykje stråling som kjem til prostata og dei omliggande organa (doseplan) (fig).


For å minske strålinga til friske organ gir vi behandling frå fleire sider. På denne måten vil dosen samle seg i midten, om lag som når ein bruker eit brennglas.


Føremålet med strålebehandlinga er naturlegvis å øydeleggje kreftceller, men det normale vevet innafor strålefeltet går også gjennom forandringar over tid. Avhengig av den mengda stråling som er gitt, vil vevet bli meir stivt og uelastisk.



 
Ser vi på figuren av endetarmen og blæra (fig) på nytt, vil vi sjå at delar av veggen på desse to organa vil kome med i strålefeltet. Som nemnt er dei to organa sin lagringskapasitet avhengig av elastisitet i veggene.
 


 
Det er altså av stor betyding å halde strålefelta så små som muleg, slik at minst muleg av endetarm og blære blir påverka. På bakgrunn av dette vil det i mange tilfelle vere fornuftig å plassere gullmarkørar inn i prostatakjertelen i forkant av strålebehandlinga. Desse kan bli brukt som siktemiddel for å gi ei presis behandling. Prostatakjertelen kan bevege seg litt, som vist på biletet over.

Simulator
Etter at planleggingsarbeidet er ferdig vil vi stille inn strålefelta. Ved hjelp av eit røntgenapparat stiller vi inn strålefelta og kontrollerer at dei stemmer nøyaktig med den tredimensjonale datamodellen.

Behandling
Etter dette kan strålebehandlinga starte. Det blir gitt ei behandling kvar dag, fem dagar i veka (unntatt er laurdag og sundag). Behandlinga varer fem til åtte veker avhengig av bestemt opplegg. I denne perioden blir det avtalt kontroll med lege, vanlegvis to til tre gonger, på kreftpoliklinikken. Du vil dagleg vere i kontakt med stråleterapeutane på stråleapparatet som kan formidle beskjed vidare til lege om nødvendig. Nærmare informasjon om dette vil bli gitt når du startar opp med behandlinga.

Etterbehandling
Biverknader av strålebehandling mot prostata
På grunn av at strålefelta omfattar delar av endetarm og urinblære vil ein under behandlinga ha biverknader frå begge disse organa i større eller mindre grad. Biverknadene kjem vanlegvis ein til to veker etter start, og varer tre til fire veker etter avslutta behandling. Plagene er hyppig vasslating, spesielt om natta, laus avføring eller diare og luftplager. Smerter ved avføring og/ eller vasslating kan førekomme.
Plager som oppstår på eit seinare tidspunkt har samanheng med varige forandringar i vevet. Desse symptoma kan vere vedvarande lause avføringar, aukande luftplager og hyppig vasslating.
Generelt sett er det sjeldan vi ser alvorlege biverknader som påverkar allmenntilstanden eller fører til at ein må forandre levesett. I nokon tilfelle kan det likevel vere aktuelt med etterbehandling av biverknadene.

Oppfølging og kontroll
Som ledd i arbeidet med å gjere behandlinga betre, vil vi registrere biverknader av strålebehandlinga hos pasientar som får behandling for prostatakreft.
Ved oppstart av behandlingen vil du bli kontrollert av lege. Det er vanleg med ytterlegare to kontrollar i samband med strålebehandlinga. Det kan eventuelt bli fleire kontrollar dersom det kjem biverknader av behandlingen.
Etter avslutta strålebehandling vil du bli kontrollert anten ved tilvisande poliklinikk eller fastlege. Ein del pasientar som inngår i studium vil bli kontrollert ved vår avdeling.

Prostatakreft med spreiing
Prostatakreft vil kunne gi spreiing til spesielt lymfeknutar og skjelett, men også andre organ dersom sjukdommen blir påvist seint.
Dersom dette er tilfelle er dessverre kreftsjukdommen uhelbredeleg og vil vere livsavgrensande i dei fleste tilfelle.
Mange pasientar vil likevel kunne leve i fleire år også med spreiing, og avdelinga kan tilby fleire former for behandling som vil kunne forlenge livet og gi lindring av plager.

1. Anti-hormon-behandling
Dette er første behandlingsval ved spreiing (samt som tilleggsbehandling ved kreft i tidlegare fase). Kreftcellene blir stimulert av mannlege kjønnshormon (testosteron), og ved å blokkere effekten av hormona vil kreften i mange tilfelle (80%) gå tilbake. Denne behandlinga vil ofte bli starta opp hos kirurg før pasientar kjem i kontakt med Kreftavdelinga. Kor lenge ein slik effekt varer vil kunne vere månader til år. Behandlinga vil ofte kunne gi biverknader som hetetokter og redusert fysisk kapasitet.

2. Cellegiftbehandling
Når sjukdommen ikkje lenger er følsam for anti-hormonbehandling vil cellegiftbehandling (Taxotere) kunne vere et alternativ. Denne behandlinga er mindre effektiv enn anti-hormonbehandling, men vil kunne ha effekt hos om lag 50 % av pasientane. Den gir likevel også meir biverknader, som risiko for alvorlege infeksjonar, slappheit mellom kurane og nedsett kjensle i fingre og tær.

3. Strålebehandling
Denne behandlinga vil ikkje påverke overlevinga. Den kan likevel vere nyttig for å redusere smerter, spesielt ved spreiing til skjelettet. Den vil også kunne redusere bløding og plager frå urinvegane ved svulstvekst i prostata.

4. Anna behandling
Det kan i ein del tilfelle vere aktuelt å gi ein medisin som heiter bisfosfonat, som vil kunne redusere risikoen for beinskjørheit og brot. I enkelte tilfelle vil også målsøkande radioaktive isotopar (strontium) kunne vere aktuelle ved spreiing til skjelettet.


Forsking
Avdelinga deltar ofte i forskingsprotokollar (nasjonale eller internasjonale) for lovande nye behandlingsprinsipp eller medikament.

 


Publisert 25.01.2011 13:42 | Endret 26.01.2011 11:19 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo