Nevroendokrin kreft 

Nevroendokrin kreft finnast relativt sjeldan. I Noreg er det 75 til 100 nye tilfelle per år. Dei fleste nevroendokrine svulstane går ut frå magesekk, tynntarm, blindtarm, tjukktarm, endetarm, bukspyttkjertel og lunge.
Av Kreftavdelinga, Haukeland universitetssjukehus
Nevroendokrin kreft  
Nevroendokrine celler finnast i nesten alle kroppen sine organ og produserer hormon som påverkar andre celler. Nevroendokrin kreft oppstår frå dei såkalla nevroendokrine cellene i kroppen. Tidlegare blei ein del av desse svulstane kalla karsinoid.

Leveutsiktene for pasientar med nevroendokrine svulstar med spreiing er generelt svært mykje betre enn ved dei fleste andre kreftsjukdommar, med unntak av nokon former som veks raskt. Erfaringar viser at mange pasientar kan leve lenge til tross for uhelbredeleg spreiing av sjukdommen.

 Kategoriar

 Blir utført ved

Behandling

Kirurgi
Kirurgi er den einaste behandlinga som kan helbrede sjukdommen. Det kan vere to formål med operasjon; anten å prøve og fjerne alt svulstvev for å helbrede pasienten, eller å fjerne mest muleg svulstvev for å lindre symptom og vinne levetid.

Medikamentell behandling
Medisinsk behandling tar sikte på å lindre symptom, hindre vekst av kreft-sjukdommen og vinne levetid, men kan ikkje helbrede sjukdommen.

  • Somatostatin analoger (Sandostatin LAR eller Ipstyl Autogel) kan brukast når kreftsvulstane viser opptak på ei undersøking som heiter octreotid-scintigrafi. Behandlinga blir her vanlegvis gitt som ei sprøyte som blir sett kvar fjerde veke av helsepersonell.
  • Interferon blir særlig gitt ved nevroendokrin kreft i tynntarm. Det blir sett som sprøyte under huda, anten dagleg eller med 1-3 dagars mellomrom av pasienten sjølv.
  • Kjemoterapi (cellegift) blir særleg bruka ved nevroendokrin kreft i bukspyttkjertel og lunge. Cellegiftene 5-Fluorouracil (5-FU) i kombinasjon med Streptozotozin blir då gitt i ei blodåre. Ved lite differensiert nevroendokrin kreft, som er ei aggressiv kreftform som veks raskt, blir cellegiftene cisplatin og etoposid bruka.

Leverembolisering
Leverembolisering blir brukt for å redusere mengda av svulstvev i levera, men kan ikkje fjerne kreften heilt. Ein røntgenlege fører eit tynt kateter inn i ei blodåre i lysken, og det blir sprøyta inn plastkuler som tilstopper pulsåra til halve levera om gonga. Behandlinga krev innlegging i sjukehuset om lag i ei veke.

Strålebehandling
Strålebehandling er særleg aktuelt når svulsten har spreidd seg til skjelettet og gir smerter eller klemmer på nervar.

Radioaktiv isotop-behandling
Radioaktive molekylar blir sprøyta inn i blodet og fester seg til celler i kreftsvulsten. Molekyla blir sitjande på svulsten og gir ei lokal strålebehandling som kan få svulsten til å stoppe å vekse for ein periode. Cellene må ha vist høgt opptak på octreotid-scintigrafi på førehand. Aktuelle pasientar får behandlinga ved Akademiska sjukhuset i Uppsala i Sverige som brukar isotopen Lutetium.

Samarbeidsmøte og studium
Ved avdelinga er det spesialiserte kreftlegar og ein spesialsjukepleiar som har ansvaret for pasientgruppa. Avdelingane sine legar deltar på dei regelmessige møta i Norsk Nevro-endokrin Tumor Gruppe, Nordisk Nevroendokrin Tumor Gruppe og den europeiske nevroendokrine kongressen (ENETS).
Avdelinga er norsk koordinator for ein utprøvande nordisk studie med PegIntron (ein type interferon) ved nevroendokrin tynntarmskreft.
Avdelinga leier og har ansvaret for ei nordisk undersøking ved lågt differensiert nevroendokrin kreft.
Avdelinga deltar i ein nordisk sjølvadministrasjonsstudie ved bruk av Ipstyl Autogel.

Linkar
CarciNor er ein landsomfattande organisasjon for personar med nevroendokrin kreft og dei pårørande.

Norsk nevroendokrin tumorgruppe (NNTG) er ei faggruppe av legar med spesiell interesse for pasientar med nevroendokrine svulstar. Det er utarbeidd ei handbok for utgreiiing og behandling av nevroendokrine svulstar
.

Nasjonalt kompetansesenter for nevroendokrine svulstar er etablert ved Seksjon for fordøyingssjukdommar, Medisinsk avdeling, Rikshospitalet

Kreftforeininga

Montebello-senteret er eit landsdekkande informasjons- og kurssenter for dei som har eller har hatt kreft, og for dei pårørande/ nærståande. Det blir regelmessig arrangert eigne kurs for pasientar med nevroendokrin kreft.


Publisert 25.01.2011 13:42 | Endret 26.01.2011 10:55 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo