Lårhalsbrot (fracura colli femoris) 

Lårhalsbrot utgjer om lag 60 prosent av hoftebrota. Det finnast ulike metodar å operere et lårhalsbrot på. Dersom brotet står i fin stilling (lite forskutt) er det vanleg å operere brotet med to skruer. Pasientane bør, dersom dei klarar det, delvis avlaste dei første seks vekene.
 

Dersom brotet står ute av stilling (mykje forskutt) er det også muleg å operere med skruer, men risikoen for komplikasjonar etter eit slikt brot er større, til dømes at brotet ikkje gror og at skruane losnar. Dette hender gjerne dei første seks månadene etter brotet.

Ein annan eksisterande komplikasjon er samanfall av lårhovudet grunna manglande blodforsyning. Dette merkar pasientane ofte som aukande smerter 6 – 18 månader etter brotet.

Behandlinga for begge komplikasjonar er protese i hofteleddet. Kirurgen kan velje mellom ein delprotese eller ein totalprotese avhengig av tid frå første operasjon, pasienten sin alder og medisinske tilstand, samt hofteleddets tilstand.

På grunn av desse relativt hyppige komplikasjonane etter forskutte lårhalsbrot er det dei siste åra blitt vanleg å operere desse brota med ein primær protese (figur 3). Dette er eit noko større inngrep, men studiar har vist at pasientane klarar dette inngrepet bra, og at ein unngår komplikasjonar som manglande tilheling av brotet og samanfall av lårhovudet.

 Kategoriar

 Diagnose

 Relevante behandlingar

 Blir utført ved


Publisert 25.05.2010 23:35 | Endret 06.06.2010 18:56 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo