Kreft med ukjent utgangspunkt (Cancer origo incerta)
Pasientar blir av og til lagt inn på Kreftavdelinga for utgreiing av mistenkt kreftsjukdom. Nokon gonger er spreiingssvulstar oppdaga, men ikkje morsvulsten (= utgangspunktet for kreftsjukdommen).
Legane lagar då ein utredningsplan som baserer seg på samtale, undersøking, blodprøver (eventuelt prøver frå urin/ avføring), røntgenundersøkingar og eventuelt spesialundersøkingar eller tilsyn av legar med andre spesialområde enn kreft.
Som oftast blir det lagt stor vekt på å få tatt ei prøve av antatt kreftsjukdom for å stille diagnosen.
Av og til lar det seg ikkje gjere å finne ut kvar ein kreftsjukdom har starta. Morsvulsten kan vere for liten til å bli oppdaga, eventuelt blitt borte.
Dette har ikkje alltid avgjerande betyding. Til dømes ved lymfekreft er behandlinga avhengig av type kreftceller og kor langt sjukdommen har kome, ikkje av der den starta.
Andre gonger er utgangspunkt for kreftsjukdommen avgjerande for å gi rett type kreftbehandling.
Der det ikkje er muleg å finne utgangspunktet, set vi diagnosen kreft med ukjent utgangspunkt ( = Cancer origo incerta).
Behandling av lokale symptom (strålebehandling, kirurgi) blir vurdert ut frå allmenne prinsipp for kreftbehandling.
Generell behandling med cellegift blir vurdert individuelt. Det kan vere aktuelt med eit ”allround”-regime, eventuelt eit anna regime som er gitt ut frå mistanke om kvar kreftsjukdommen har starta, og ei meining om at dette har betre verknad.
Publisert
25.01.2011 13:42 |
Endret
26.01.2011 14:10