Kreft i tjukktarm utan spreiing
Kvart år blir det oppdaga vel 2200 nye tilfelle av tjukktarmskreft i Noreg. Einaste helbredande behandling er operasjon med fjerning av den delen av tjukktarmen der svulsten sit, med tilhøyrande lymfeknutar.
Her i landet kan om lag 65 % av pasientane bli operert med håp om helbreding. Etter ein slik operasjon vil likevel om lag 25 % av pasientane få tilbakefall av sjukdommen.
Kirurgi (operasjon)
Hovudbehandlinga for kreft i tjukktarm er operasjon (radikal reseksjon). I dei aller fleste tilfella blir tarmendane skjøtt saman igjen slik at avføringa kan kome på vanleg måte når ein begynner å ete igjen. I enkelte tilfelle kan likevel dette vere umuleg, og ein må anlegge ein stomi (utlagt tarm). I nokon tilfelle kan tarmen bli lagt tilbake seinare.
Kjemoterapi (cellegiftbehandling)
Cellegift som blir gitt etter kirurgisk behandling der alt svulstvev er operert bort, blir rekna som adjuvant behandling. Behandlinga er retta mot kreftspreiing som ikkje kan påvisast ved klinisk undersøking eller ved røntgen/ CT, men som seinare kan utvikle seg til nye svulstar. Adjuvant behandling kan hindre tilbakefall av sjukdommen. Det er derfor viktig at dei som kan ha nytte av slik behandling blir tilbydd optimal behandling på rett tidspunkt. Behandlinga bør starte 4-6 veker frå operasjonstidspunktet. I praksis blir tre månader etter operasjonen rekna for å vere for seint til å ha nytte av slik behandling.
Dei som har spreiing til lymfeknutar (Dukes’ C/ stadium III), og er yngre enn 75 år, blir tilbydd tilleggsbehandling med cellegift. Slik behandling er vist å auke femårs overleving med om lag 10-15 %. Behandlinga har 12 kurar, kvar på to påfølgande dagar annankvar veke og varer då om lag seks månader. Adjuvant kjemoterapi blir også vurdert for enkelte pasientar utan spreiing til lymfeknutar (Dukes’ B/ stadium II). Dette gjeld for pasientar under 75 år med påvist hol på svulsten før/ under operasjonen eller dersom talet på undersøkte normale lymfeknutar er under åtte. Cellegift blir vanlegvis gitt i ei blodåre. Pasientar under 75 år blir tilbydd behandling med Oxa-liplatin i kombinasjon med FLv som førsteval i form av regimet FLOX (5-FU gitt som hurtiginfusjon kombinert med kalsiumfolinat + Oxaliplatin 85 mg/m2) kvar 14. dag.
Pasientar mellom 75 og 80 år blir vurdert individuelt på grunnlag av allmenntilstand og eventuelle tilleggssjukdommar. Ein gir då gjerne cellegift med Nordisk FLv (5-FU gitt som hurtiginfusjon kombinert med kalsiumfolinat), 12 kurar, eller Capecitabine (Xeloda tablettar), åtte kurar i løpet av seks månader.
Publisert
24.01.2011 13:20 |
Endret
24.01.2011 13:52