Kirurgi
Dersom spreiinga sit slik til at ein kan operere bort alt kreftvev, samt at det er nok normalt vev igjen, vil pasienten kunne bli operert. Dette blir vurdert ved eit fellesmøte som går føre seg kvar veke mellom kirurgar, kreftlegar og røntgenlegar. Dersom pasienten kan opererast vil det som oftast bli gitt 3-6 cellegiftkurar med FLOX (5-FU og oxaliplatin) før og etter operasjonen for å minske sjansen for tilbakefall av sjukdommen. Cellegift-kurane blir gitt i ei blodåre.
Spreiings-svulstar til lever og lunge er mest aktuelle å vurdere og operere bort. Likevel er spreiinga hos dei fleste som oftast for uttalt til at det kan opererast bort. Nokon pasientar kan, etter god effekt av cellegift, vere aktuelle for operasjon på eit seinare tidspunkt.
Cellegift (kjemoterapi)
Behandling med cellegift har hos dei fleste pasientar med spreiing som eit siktemål å forlenge levetida, samt å oppretthalde ein tilfredsstillande livskvalitet. Studiar viser at lindrande cellegift vanlegvis ikkje senkar livskvaliteten, men sørger for at denne blir halden ved lag. Vanlegvis blir det ikkje gitt cellegift dersom allmenntilstanden er svært redusert.
Cellegift blir som regel gitt i ei blodåre.
5-FU kombinert med oxaliplatin eller irinotecan er dei vanlegaste regima som er brukt på pasientar som er yngre enn 75 år. I Norden har det vore brukt 5-FU som hurtiginfusjon kombinert med kalsiumfolinat (Nordisk FLV). Nordisk FLV kombinert med oxaliplatin blir kalla FLOX, Nordisk FLV med irinotecan blir kalla FLIRI.
Dersom ein av ulike årsaker (alder, redusert lever-/ nyrefunksjon) gir behandling med 5-FU/ kalsiumfolinat aleine, blir det ofte gitt Nordisk FLV. Eit tablett-alternativ til 5-FU/ kalsiumfolinat er kapecitabin (Xeloda).
Ei rekkje nye antistoff og tyrosinkinase-hemmarar, såkalla ”targeted agents”, blir testa ut for tida. Avastin (bevacizumab) er eit antistoff som er retta mot danninga av nye blodårer. Avastin saman med eit irinotecan-regime er eit førstelinjes behandlingsalternativ til yngre pasientar i god allmenntilstand, men gir auka risiko for alvorlege biverknader.
Erbitux (cetuximab) er eit monoklonalt antistoff som kombinert med irinotecan kan vurderast som tredjelinjes behandling (sjå figur).
Pasienten sine opplevde biverknader av cellegift-behandlinga må heile tida bli vurdert opp mot ein meiningsfull livskvalitet. Ei stabilisering eller tilbakegang av svulstane under cellegiftbehandling vil som oftast føre til vidare behandling. Ofte blir det lagt inn ein behandlingspause etter fem-seks månaders behandling for å gi pasienten ein periode utan cellegift og biverknader.
Strålebehandling
Dei vanlegaste indikasjonane for lindrande strålebehandling er varig inoperabel endetarmskreft, lokale tilbakefall av endetarmskreft og spreiing til skjelett og hjerne. Strålebehandling er svært effektivt for behandling av smertefulle skjelettmetastasar. Stråleknivbehandling kan vere aktuelt ved hjernemetastasar og blir utført i Noreg ved Nevrokirurgisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus.
Samarbeid
Avdelinga har felles møte kvar veke med kirurgane som opererer tarmkreft. Ved avdelinga har spesialiserte kreftlegar ansvaret for pasientgruppa. Det møter ein fast representant til møta i Norsk Gastro-intestinal Cancer Gruppe, og til dei nordiske fellesmøta. Avdelinga er alltid til stades ved dei internasjonale kreftkongressane for å fange opp nye behandlingsmulegheiter.
Studiar
Avdelinga deltar regelmessig i internasjonale utprøvingar av nye medikament ved tjukk- og endetarmskreft - for tida blir medikamenta Zactima og Aflibercept utprøvd. Avdelinga leier ein nordisk fertilitetsstudie hos yngre pasientar som har fått tilleggsbehandling med cellegift etter tjukktarmsoperasjon. Avdelinga er norsk koordinator for ein nordisk studie der Erbitux blir gitt som førstelinjes behandling ved tjukktarmkreft til pasientar utan KRAS-mutasjon. Avdelinga undersøker i ein studie på molekylære markørar i spreiingssvulstar til lever frå tjukk- og endetarmskreft. Avdelinga leier ein nordisk prospektiv studie ved tjukk- og endetarmskreft. Avdelinga har ein pågåande studie der hypertermi (varmebehandling) blir gitt saman med cellegift og strålebehandling ved endetarmskreft.
Publisert
24.01.2011 12:21 |
Endret
26.01.2011 09:58