Kreft i spiserøret (Øsofagus cancer) 

Det blir oppdaga om lag 200 nye tilfelle av kreftsjukdom i spiserøret i Noreg per år. Kreftsjukdom i spiserøret er hyppigare hos menn enn blant kvinner.
Risikofaktorar for kreft i spiserøret er røyking, inntak av alkohol og langvarige plager med sure oppstøyt.
Av Kreftavdelinga, Haukeland universitetssjukehus
 

 Kategoriar

 Blir utført ved

Kirurgi
Ved begrensa sjukdom er kirurgisk behandling aleine å føretrekkje. Ein fjernar då delar av spiserøret eller heile spiserøret.

Kombinert cellegift og strålebehandling
For større svulstar blir det tilrådd kombinert behandling med cellegift og stråleterapi. Cellegifta består av to stoffar, cisplatin og fluorouracil, som blir gitt i ei blodåre. Cellegiftkuren varer i fem døgn, og ein er då innlagt på sjukehuset. Ein får vanlegvis tre kurar med tre vekers mellomrom. Strålebehandlinga startar samtidig med andre cellegiftkurar og strekkjer seg over fem til seks og ei halv veke. Etter cellegift og strålebehandling blir det tatt nye røntgenundersøkingar, og det blir vurdert om det er muleg å gjennomføre operasjon.

Strålebehandling
Strålebehandling aleine kan vere eit alternativ dersom ein, av ulike årsaker, ikkje kan gi cellegiftbehandling samtidig.

Cellegift
Dersom sjukdommen har spreidd seg på ein slik måte at den ikkje kan opererast bort, kan ein vurdere å gi cellegift aleine. Cellegiftbehandlinga kan då ikkje helbrede sjukdommen, men oppretthalde livskvaliteten og vinne levetid.

Ernæring
Dersom svulsten fører til tronge forhold i spiserøret slik at ein ikkje klarer å ete eller drikke tilstrekkeleg, kan det bli lagt ned ei ernæringssonde til magesekken, og gi næringstilskot via denne. Eit anna alternativ kan vere å leggje ned ein stent som held det tronge partiet i spiserøret ope.


Publisert 25.01.2011 13:41 | Endret 26.01.2011 11:36 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo