Kreft i skjoldbruskkjertelen (Cancer thyreoidea) 

 

 Kategoriar

 Diagnose

 Blir utført ved

Mange pasientar får radioaktiv jod-behandling cirka 4-5 veker etter operasjonen. Meininga er å fjerne restar av normalt thyreoidea-vev og eventuelt små samlingar med kreftceller. Ved Haukeland universitetssjukehus blir radioaktiv jod-behandling gitt anten ved Kirurgisk avdeling eller ved Kreftavdelinga. Av og til er det behov for tillegg av ekstern (=utvendig) strålebehandling mot anten det området svulsten sat eller mot spreiings-svulstar (metastaser). Nokre få med aggressiv sjukdom kan i perioden med ekstern stråling ha nytte av lågdosert cellegift kvar veke.

Radioaktiv jodbehandling
Terapidosar med radioaktivt jod blir gitt som kapsel eller i flytande form, og gir frå seg stråling i og rundt celler som tar opp jod. Såkalla beta-stråling gir behandlingseffekt i restar av normalt thyreoidea-vev og /eller svulst-vev. Les meir.

For å ivareta sikkerheita til pasient, pårørande, personalet og andre blir lover og retningslinjer for strålehygiene fylgt nøye. Etter inntak av radioaktivt jod må ein av strålehygieniske årsaker vere isolert på einerom i alle fall i dei tre påfølgande dagane. Personalet er som hovudregel berre innom med mat og nødvendige medisinar desse dagane, så ein må vere sjølvhjelpen.

Av praktiske grunnar blir vanlegvis behandling med radioaktiv jod gitt på ein fredag. Pasientane blir så isolert gjennom helga. I dei fleste tilfella kan pasienten reise heim om måndagen etter ei undersøking som viser om det er opptak av radioaktivt jod i kroppen.

Ein mottar skriftlege retningslinjer for omgang med andre når ein kjem til avdelinga.

Ekstern strålebehandling
"Vanleg" strålebehandling med strålar frå ei ytre kilde mot eit avgrensa område på kroppen med kjent svulstvev blir vanlegvis nytta dersom svulstvevet ikkje tar opp jod, gir symptom eller truar viktige funksjonar, som f. eks ved avklemming av luftvegar eller matrøyr eller ved smertegivande spreiingssvulstar i bløtvev eller skjelett. Ekstern strålebehandling blir også nytta enkelte gongar dersom prøvetaking har avdekka særleg aggressivt svulstvev.

Etterbehandling
Etter gjennomført radioaktiv jod-behandling og/eller ekstern bestråling blir dei fleste fylgt opp med kontrollar ved ei kirurgisk avdeling.


Publisert 01.02.2011 09:24 | Endret 08.02.2011 15:22 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo