Kreft i magesekken (Ventrikkelcancer) 

På diagnosetidspunktet finnest ca 25 prosent av svulstane lokalisert i magesekken, ca 35 prosent har spreiing til lymfeknutar utanfor magesekken, mens ca 40 prosent har spreiing til andre organ.

Av Kreftavdelinga, Haukeland universitetssjukehus
 

Kjente risikofaktorar er infeksjon med Helicobacter Pylori (magesårbakterien), røyking og tidlegare operasjon for magesår. Utgreiing og behandling blir diskutert i ei tverrfagleg gruppe beståande av radiolog, kirurg og onkolog. Dette er ei viktig kvalitetssikring for seinare behandling.

 Kategoriar

 Diagnose

 Blir utført ved

Kirurgi
For små svulstar er kirurgi aleine den beste behandlinga. Ein kan då fjerne delar av magesekken eller heile magesekken.

Cellegift
Ved litt større svulstar har det vist seg at cellegiftbehandling saman med operasjon gir best sjanse for å bli kurert. Ein gir då vanlegvis tre cellegiftkurar før operasjonen og tre cellegiftkurar etter operasjonen. Cellegiftkuren består vanlegvis av tre stoff: epirubicin, cisplatin og kapecitabin. Dei to første stoffa blir gitt i ei blodåre og ein må då vere innlagt på sjukehuset. Det siste stoffet kan bli gitt i tablettform, ein tar då tablettar kveld og morgon i 21 dagar. Kurane blir gitt med intervall på tre veker.

Dersom sjukdommen har spreidd seg på ein slik måte at den ikkje kan opererast bort kan ein gi ulike former av cellegift. Cellegiftbehandling aleine kan ikkje kurere sjukdommen, men oppretthalde livskvaliteten og vinne levetid.

Strålebehandling
Strålebehandling i kombinasjon med cellegift kan vere aktuelt etter operasjon dersom ein ikkje fekk fjerna heile svulsten. Strålebehandling aleine kan også gi god lindring ved spreiing av kreftsjukdommen.


Publisert 01.02.2011 09:40 | Endret 02.02.2011 16:24 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo