Kreft i galleblære eller gallevegar (Cholangiocarcinom) 

Det blir oppdaga ca 120 nye tilfelle av kreft i gallevegar årleg i Noreg. Ein av dei vanlegaste risikofaktorane er ein sjukdom som heiter primær skleroserende cholangitt.
Av Kreftavdelinga, Haukeland universitetssjukehus
 

Det blir oppdaga 130 nye tilfelle av galleblærekreft årleg i Noreg. Utløysande årsaker kan vere kronisk infeksjon og gallestein.

Kreftformene er relativt sjeldne, men er som regel aggressive med tidleg spreiing til lymfeknutar.

 Kategoriar

 Diagnose

 Blir utført ved

Kirurgi
Dersom utgreiinga viser at sjukdommen er avgrensa, kan pasienten opererast. Kirurgi vil kunne gi langtidsoverleving. Tendensen går i retning av meir aggressiv kirurgisk behandling, og ved gallevegskreft kan også levertransplantasjon være aktuelt.

Strålebehandling
Ved ufrie operasjonsrender etter operasjonen blir strålebehandling gitt saman med cellegifta capecitabin (Xeloda) for å minske sjansen for tilbakefall. Ved lokalavansert ikkje-operabel kreftsjukdom utan spreiing kan strålebehandling saman med cellegifta Xeloda vere aktuelt, men då for å halde sjukdommen i sjakk for ein periode.

Cellegift
Pasientar med livstruande spreiing av kreftsjukdommen, som er i god allmenntilstand og med akseptable bilirubin-verdiar (galleverdiar) kan få cellegift. Cellegifta tar sikte på å vinne levetid, samt å oppretthalde livskvaliteten. Aktuelle cellegiftregimar er: Oxaliplatin med 5-FU (FLOX) eller kombinasjon av Gemcitabin (Gemzar) og Xeloda.


Publisert 01.02.2011 09:39 | Endret 02.02.2011 16:31 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo