Kreft i endetarmsopning (Anal cancer)
Kreft lokalisert i endetarmsopning og opp til 4 - 5 cm frå analopninga blir kalla analkanalkreft, mens kreft som oppstår i huda omkring endetarmsopning i ein avstand inntil 5 cm blir klassifisert som perianal kreft.
Av Kreftavdelinga, Haukeland universitetssjukehus
I Noreg blir analcancer påvist hos 40 - 50 nye pasientar årleg. Kreftforma opptrer frå 40-årsalderen, men er vanlegast rundt 50 - 60 år. Sjukdommen er dobbelt så ofte hos kvinner som hos menn.
Vortevirus (humant papillomvirus, HPV) blir påvist hos dei fleste pasientane og sett på som ein av dei viktigaste årsaksfaktorane for denne sjukdommen.
Symptom
Typiske symptom ved analkreft er ein hard, uøm tumor (svulst) av og til med sårdanning. Andre symptom er smerter, bløding, lekkasje av avføring og slim, kløe eller sårhet i eller rundt analopninga eller eksem i eller rundt analopninga.
Hovudbehandlinga er stråleterapi kombinert med cytostatika (cellegift). Prognosen er god ved tidlege stadium, men er framleis alvorlig for dei pasientane som har svulstar som er over 5 cm eller har spreiing til lymfeknutar.
Strålebehandling og kjemoterapi (cellegiftbehandling)
Ved små svulstar utan spreiing til lymfeknutar blir det gitt strålebehandling i 5-6 veker. Den første veka av strålebehandlinga blir det gitt cellegiftbehandling intravenøst (i ei blodåre) med cellegifta 5-fluorouracil i 4 dagar, og cellegifta mitomycin C ein dag.
Ved store svulstar eller spreiing til lymfeknutar startar behandlinga med 2 cellegiftkurar med intervall på tre veker. Cellegifta 5-fluorouracil blir gitt over fire dagar kombinert med cisplatin dag 1. Etter at desse to cellegiftkurane er gitt (6 veker) blir det gitt strålebehandling i 5-6 veker. Den første veka av strålebehandlinga blir det gitt same cellegifter.
All planlegginga av strålebehandlinga blir gjort tredimensjonalt ved hjelp av ei eiga CT-undersøking og sjølve planlegginga blir gjort ved hjelp av avansert datateknikk. Ein prøver i størst muleg grad å gi den ønska dosen til kreftsvulsten og risikoområde og samtidig gi minst muleg bestråling til normalvev, spesielt tynntarm for å unngå seinare stråleskade.
Kirurgi (operasjon)
Kirurgi (operasjon) er aktuelt ved manglande effekt av strålebehandlinga og i sjeldne tilfelle ved inkontinens etter strålebehandlinga. Kirurgi medfører at ein må ha stomi, noko som elles kan unngåast ved strålebehandling med cellegift.
Lindrande cellegift
Ved påvist spreiing til andre organ blir det oftast starta cellegiftbehandling med ein kombinasjon av cisplatin og 5-fluorouracil. Viss muleg vil ein fjerne lokaliserte metastasar (dottersvulstar) kirurgisk og eventuelt gi lokal stråleterapi i tillegg. Prognosen er svært alvorleg ved spreiing til andre organ, men læking kan bli oppnådd i enkelte tilfelle.
Publisert
01.02.2011 09:39 |
Endret
02.02.2011 16:42