Episkleral brachyterapi
I dag kan dei fleste pasientar med uvealt maling melanom bli strålebehandla med såkalla episkleral brachyterapi, som er ein form for strålebehandling der sjølve strålekjelda midlertidig blir festa på augeeplet.
Denne behandlinga blir utført ved Haukeland universitetssjukehus i samarbeid mellom Augeavdelinga og Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk. På grunnlag av svulsten sin storleik og plassering i auget, nyttar ein ulike dataprogram for å berekne den stråledosen som er nødvendig for å stoppe vidare vekst av tumor (doseplanlegging).
Deretter syr ein fast ei strålekjelde med radioaktivt jod (I 125) eller radioaktivt ruthenium (Ru 106) utanpå senehinna til auget (sclera), nøyaktig svarande til den staden der svulsten er lokalisert inne i auget. Denne operasjonen blir utført ved Augeavdelinga og blir vanlegvis gjort i narkose.
Strålekjelda held fram med å vere festa til auget i to til sju dagar, og pasienten ligg i denne perioden inne på avdelinga. Så blir strålekjelda fjerna med ein ny operasjon, og dette inngrepet kan blir utført i lokalbedøving eller narkose. Som regel blir tumor danna tilbake etter bestrålinga, men komplikasjonar i form av stråleskade av netthinne og synsnerve kan førekomme.
Episkleral brachyterapi fører ofte til ein viss grad av synsreduksjon, men dei fleste pasientane får behalde eit funksjonsdyktig auge.
Enukleasjon
Dersom svulsten er for stor eller inkluderer store delar av synsnerven, blir det tilrådd kirurgisk fjerning av auget (enukleasjon).
Denne operasjonen blir gjort på Augeavdelinga, og pasienten er som regel innlagt i fire-fem dagar i avdelinga i samband med inngrepet. Då blir heile auget fjerna og erstatta med eit korall- eller plastimplantat. Augemusklane blir festa til dette implantatet som deretter blir dekt av bindehinna til auget (conjunctiva). Utanpå bindehinna blir det lagt ein skålforma plast- eller glasprotese.
Protesen ("glasauget ") spesiallagast for kvar enkelt pasient, slik at den er nøyaktig lik det andre auget, og dette blir gjort få veker etter at sjølve auget er fjerna. Fordi augemusklane er festa til implantatet og fordi augeprotesen er individuelt tilpassa, oppnår ein som regel ein viss bevegelse av det kunstige auget og et svært godt kosmetisk resultat.
Annen behandling
I tillegg til episkleral brachyterapi og enukleasjon finnast også andre behandlingsalternativ.
Transpupillær termoterapi (TTT) er ein form for varmebehandling av svulsten med laserstrålar, og kan nyttast som ei tilleggsbehandling etter brachyterapi.
Andre behandlingsformer er kirurgisk fjerning av svulsten (lokal reseksjon) eller bestråling i form av såkalla protonterapi.
I dag er episkleral brachyterapi den behandlingsforma som er best dokumentert og mest nytta internasjonalt.
Etterbehandling
Oppfølging og prognose
Etter behandling av uvealt melanom må pasientane jamleg bli kontrollert med tanke på komplikasjonar, vekst av tumor og muleg spreiing av sjukdommen.
Ved episkleral brachyterapi blir pasientane vanlegvis kontrollert etter tre veker, tre månader og seks månader. Deretter blir dei kontrollert kvart halvår i til saman fem år, og vidare ein gong per år i meir enn ti år.
Ved kontrollane blir det gjort oftalmoskopi, ultralydundersøking av auget og fotografering av augebotnen. Ein gong i året bør det også bli utført ultralydundersøking av mage og lever.
Etter enukleasjon blir pasientane som regel kontrollert etter tre veker og tre månader i samband med tilpassing av augeprotese. Deretter bør dei bli kontrollert ein gang per år i minst ti år med bl.a ultralydundersøking av mage og lever.
Uvealt malignt melanom er i utgangspunktet ein alvorleg sjukdom, og ein del pasientar vil etter en tid oppleve å få spreiing (metastasar) til levera eller andre organ.
Dei fleste studium, deriblant den såkalla COMS-studien (Collaborative Ocular Melanoma Study) frå USA, har ikkje kunna påvise nokon forskjell i overleving blant pasientar som er blitt behandla med episkleral brachyterapi eller enukleasjon.
Kontaktpersonar
Professor Jørgen Krohn, Augeavdelinga,
Haukeland universitetssjukehus
Tlf.: 55974115
Professor Olav Dahl, Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk,
Haukeland universitetssjukehus
Tlf.: 55972018
Litteratur
Jørgen Krohn, Nils Eide (2007): Uvealt malignt melanom
Norsk Melanom Gruppe, Veileder 2007, Kapittel 16, s. 40-42
http://www.onkologiskforum.org/melanom/melanom_veil_fors.html
Krohn J, Monge OR, Skorpen TN, Mørk SJ & Dahl O (2008): Posterior uveal melanoma treated with I-125 brachytherapy or primary enucleation. Eye 22: 1398-1403.
Krohn J, Frøystein T & Dahl O (2008): Posterior uveal melanoma. Distribution of the sites of origin and patterns of tumour extent in the ocular fundus. Br J Ophthalmol 92: 751-756.
Krohn J & Dahl O (2008): Incidence of iris melanoma in western Norway. Acta Ophthalmol 86:116-117.
Krohn J, Frøystein T & Dahl O (2008): Topographical distribution of choroidal naevi in the ocular fundus. Eye. Advance online publication. 28 November 2008.; doi: 10.1038/eye.2008.350
Krohn J, Frøystein T & Dahl O (2008): Topographical distribution of posterior uveal melanoma, choroidal nevi, and congenital hypertrophy of the retinal pigment epithelium. Acta Ophthalmol 86 (Suppl. 241): 8.
Krohn J, Arnes J & Rødahl E (2007): Ciliary body melanoma simulating multiple iris cysts. Arch Ophthalmol 125: 428-429.
Knutsen S, Hafslund R, Monge OR, Valen H, Muren LP, Rekstad BL, Krohn J & Dahl O (2001): Dosimetric verification of a dedicated 3D treatment planning system for episcleral plaque therapy. Int J Radiat Oncol Biol Phys 51: 1159-1166.
Krohn J, Seland JH, Monge OR & Rekstad BL (2001): Transillumination for accurate placement of radioactive plaques in brachytherapy of choroidal melanoma. Am J Ophthalmol 132: 418-419.
Collaborative Ocular Melanoma Study Group (2001): The COMS randomized trial of iodine 125 brachytherapy for choroidal melanoma. III: initial mortality findings. COMS report no. 18. Arch Ophthalmol 119: 969-982.
Publisert
26.01.2011 15:39 |
Endret
31.01.2011 22:34