Korsbandskade 

Fremre korsbandskader bør bli behandla, anten med kirurgi eller konservativt med opptrening. Formålet med behandling er å stabilisere kneet slik at pasienten kan kome tilbake til sitt normale aktivitetsnivå.
Av Ortopedisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus
 

Kirurgisk behandling blir som regel tilbydd pasientar som er fysisk aktive på eit høgt nivå, eller yrkesutøvarar. Begge desse stiller dagleg store krav til knefunksjon og stabilitet.

Ved kirurgisk behandling blir det brukt eit transplantat som erstatning for det skadde korsbandet. I Noreg er det vanlegast at dette transplantatet kjem frå pasienten sjølv, anten som ein del av senen (patellarsenen) mellom kneskåla og leggbeinet, eller som ein del av senen frå baksida av låret (hamstringsenen). Etter operasjonen er det viktig med opptrening hos fysioterapeut. Opptreningsperioden varer som regel frå 6-12 månader og tar sikte på å gjenopprette mobilitet, styrke og balanse.

Konservativ behandling skjer hos fysioterapeut og varer frå 6-12 månader med siktemål på å gjenopprette mobilitet, styrke og balanse.

 Kategoriar

 Diagnose

 Blir utført ved


Publisert 01.06.2010 06:53 | Endret 01.06.2010 18:03 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo