Klamydia er lett å behandle med antibiotika. Vanlegvis er ei dose med to tablettar nok. Av og til må ein ha ei vekes tablettbehandling for å bli frisk. Ved komplisert infeksjon må behandlinga vare i 14 dagar. Behandlinga er gratis.
Kor lenge må eg vente med samleie etter behandling ?
Du må vente i ei veke (sju dagar) etter avslutta behandling før du har samleie. Du må ikkje ha samleie verken med eller utan kondom med din faste partner før sju dagar etter at begge har fått behandling. I behandlingsperioden bør du ikkje drikke alkohol.
Kva med andre seksualkontaktar ?
Klamydia er definert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom. Du har difor plikt til å hjelpe til med å få tak i andre som kan vere smitta. Du kan gje beskjed sjølv eller legen din kan hjelpe deg med å få tak i den/ dei aktuelle personane.
Kan klamydia blusse opp att ?
Nei, er du først behandla for klamydia, blussar ikkje sjukdomen opp att av seg sjølv. Bakterien blir borte med behandling. Du kan bli smitta på nytt sjølv om du nettopp har fått behandling for klamydia.
Bør eg gå til kontroll etter behandling ?
Ja, vi rår særleg kvinner til å ta ein kontrollprøve om lag 6 veker etter behandling for å vere sikre på at bakterien er borte.
Kor ofte bør eg ta klamydiaprøve ?
Du bør ta prøve dersom du har hatt samleie med ny partner utan å bruke kondom.
Er klamydiainfeksjon farleg ?
Lokal infeksjon i urinrøret eller på livmorhalsen er ikkje farleg. Bakterien kan spreie eg til livmor og eggleiarar på kvinner og gje ein infeksjon i bekkenet. Etter ein slik infeksjon kan ein ha vanskar med å bli gravid. Menn kan få bitestikkelbetennelse som er svært smertefullt. Det er usikkert om gjennomgått klamydiainfeksjon har innverknad på menn sin befruktningsevne.
Dersom klamydiainfeksjon blir oppdaga og behandla tidleg, unngår ein komplikasjonar.
Kva med graviditet ? Kan klamydia skade fosteret ?
Nei, fosteret kan ikkje bli smitta med klamydia. Klamydiainfeksjon hos mor kan heller ikkje skade fosteret på annan måte i løpet av svangerskapet. Du kan få behandling med antibiotika sjølv om du er gravid, men då må du få ein annan type antibiotika. Under fødselen kan barnet bli smitta med klamydia og barnet kan få ein augekatarr eller lungebetennelse, det er difor viktig at mor blir behandla før fødselen.
Går det an å undersøke om eg er blitt steril ?
Nei, det finst ingen test som kan gje svar på dette.
Kor stor fare er det for å bli steril ?
Faren for å bli steril er truleg liten dersom du kjem tidleg til behandling.