I prinsippet består ein hofteprotese av ei stamme som går ned i lårbeinet, eit hovud som blir sett på toppen av stamma som erstatning for lårbeinshovudet, og ei kunstig hofteskål (koppen, figur 1).
Av Ortopedisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus
Ulike stammer kan kombinerast med koppar av forskjellige merker, slik at kombinasjonsmulegheitene blir svært mange.
Innfesting mot bein
Det er to hovudprinsipp for innfesting av protesedelane mot pasienten sitt bein; anten med beinsement (polymetylmetakrylat) eller utan sement. I Noreg blir dei fleste protesane festa med sement. Det er fleire produsentar som lager beinsement. På starten av 1990-tallet blei Boneloc beinsement brukt i Noreg. Denne og to andre sementtypar viste seg å gi dårlege resultat, og desse sementtypane gjekk ut av bruk for fleire år sidan.
Dei usementerte protesane er vanlegvis laga av titanium og har anten ein overflatestruktur eller eit overflatebelegg som gjer at bein kan gro fast på protesen. Begge delar kan fungere godt i forhold til å få protesane til å sitte fast.
Material og design
Det har ein del å seie kva slags materiale og diameter det er på dei leddflatene som skal gli mot kvarandre i det kunstige leddet. Enkelte av dei protesetypane som blei brukt inntil nyleg, viste seg å ha glideflater som blei slitt ut raskare enn andre, og desse er tatt ut av bruk.
Komplikasjonar og reoperasjonar
Det vanlegaste problemet som kan oppstå, er at protesen losnar etter nokre år. Dette skjer hos 0,5-1 prosent per år. Dessutan vil om lag ein prosent av pasientar som får protese måtte reopererast på grunn av bakteriell infeksjon rundt protesen. Andre reoperasjonsårsaker kan vere slitasje av protesedelar, at protesen går ut av ledd fleire gonger (luksasjon), beinbrot nær eller omkring protesen, eller tap av bein (osteolyse) rundt protesen.
Haldbarheit av hofteprotesar
I Nasjonalt register for leddprotesar er det vist at sjansen for at pasienten framleis har ein vellukka protese etter ti år har vore ca 90 prosent. Dette resultatet er rekna ut frå mange tusen pasientar i hofteregisteret, men du som er pasient vil anten få ein vellukka protese eller ein protese som må skiftast ut etter nokon år.
I Leddproteseregisteret følgjer vi med på resultata av dei ulike protesetypane som er i bruk i Noreg, men sidan nær sagt alle protesar gir gode resultat på kort sikt, kan det ta fleire år før det blir muleg å påvise at ein ny protese gir dårlege resultat. Vi har påvist at resultata av dei ulike typane av hofteprotesar har vore varierande. Dei typane som vi har påvist dårlege resultat av har gått ut av bruk, men det har kome nye inn på marknaden. Desse nye protesane er lovande, men dei har ikkje vore i bruk lenge nok til at vi kan seie noko heilt sikkert om 10- eller 15-årsresultata.
Val av protesetype
For pasientar som skal bli operert med hofteprotese kan det vere nyttig å spørje kirurgen kva for ein protese han/ ho har tenkt å bruke. Valet, for både kirurg og pasient, vil gjerne stå mellom å bruke ein protesetype der det ligg føre dokumentasjon på at langtidsresultata er gode (om lag 95 prosent sjanse for at protesen er velfungerande etter ti år), eller å bruke ein nyare type som kanskje kan vere enda betre, men som ikkje har vore i bruk lenge nok til at vi kjenner langtidsresultatet.