Stort sett er gonoré lett å behandle. Ein tablett ein gong er standardbehandling. Einskilde bakteriestammar har utvikla motstand mot dei vanlegast brukte medisinane. Dersom du er smitta med ein slik bakterietype, må du kanskje få antibiotika i sprøyte for å bli frisk. Behandlinga er gratis.
Når er eg frisk?
Dersom medisinen er effektiv, blir du symptomfri i løpet av det første døgnet. Du kan likevel ikkje rekne deg som frisk før du har vore til kontroll hos legen og teke ein prøve som viser at bakteriane er borte. Alle som har fått påvist gonoré skal møte til kontroll 7- 14 dagar etter avslutta behandling.
Er det dyrt å gå til legen?
Dersom du har symptom på gonoré, har god grunn til å tru at du kan vere smitta med gonoré eller er smittekontakt til ein person som har fått påvist gonoré, er det gratis å gå til legen.
Kva med andre seksualkontaktar?
Gonoré er definert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom. Du har difor plikt til å hjelpe til med å få tak i andre som kan vere smitta. Du kan gje beskjed sjølv eller legen din kan hjelpe deg med å få tak i den/dei aktuelle personane.
Er gonoré farleg?
Lokal infeksjon i urinrøret, livmorhalsen, svelget eller endetarmsopningen er ikkje farleg. Bakteriane kan spreie seg og gje alvorleg infeksjon i underlivet hos kvinner. Etter ein slik infeksjon kan det vere vanskeleg å bli gravid. Menn kan få bitestikkelbetennelse som er svært smertefullt. Leddbetennelse kan også oppstå. Ved komplikasjonar kan det bli naudsynt med innlegging i sjukehus.
Kva med graviditet ? Kan gonoré skade fosteret?
Fosteret blir ikkje smitta under svangerskapet. Gonoré skadar heller ikkje fosteret på annan måte. Ved fødselen kan barnet bli smitta og få ein alvorleg augekatarr. Det er difor viktig at mor som er smitta får behandling før fødselen.
Etterbehandling
Bør eg bli undersøkt regelmessig med tanke på gonoré ?
Nei, det er ikkje naudsynt. Gonoré er sjeldan i Noreg og legen vurderer om prøvetaking er aktuelt.