Mange kvinner lever godt og utan plager av sine framfall, og hos desse kvinnene er det heilt unødvendig med nokon form for behandling.
Dersom ein treng behandling, er det to hovudmulegheiter; å bruke pessarring eller å bli operert.
Av Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus
Pessarring
Dette er ein mjuk plastring som blir tilpassa hos gynekolog og som blir lagt inn i skjeden og ligg der kontinuerleg. Kvinna kjenner ikkje at ho har den, men ho blir kvitt plagene som framfallet har gitt henne. Det er nødvendig å kontrollere nokon gonger i året at ringen ligg som han skal og ikkje gneg. Dei kvinnene som har ein slik ring liggande inne, bruker ein krem/stikkpiller for at slimhuda i skjeden skal bli tjukkare og ikkje lett få gnagsår.
Operasjon
Operasjonar for framfall blir gjennomført i narkose eller ryggbedøving (spinalanestesi eller epiduralanestesi). Operasjonane blir gjennomført via skjeden. Avhengig av kva for type framfall kvinna har, blir anten fremre skjedevegg stramma opp og blæra løfta tilbake på sin naturlege plass, bakre skjedevegg stramma opp og forsterka, eller livmortappen eller heile livmora blir fjerna. Nokon gonger blir skjedeveggene forsterka med nett av kunststoff.