Normal fødsel
Fødselen er avsluttinga på mange månader med venting, lengsel og spenning. Fødselen er eit stort stykke kroppsleg arbeid, som krev stor innsats av den fødande og av barnet som skal fødast. Eit samspel og samarbeid mellom den fødande og barnet hennar er avgjerande for at fødselen skal gå normalt og for at kvinna skal sitte att med ei fin oppleving frå fødselen.
Av Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus
Korleis kvinna opplever at dei som er med henne under fødselen stør og hjelper henne, er viktig for korleis fødselen går og fødselsopplevinga til den fødande. Den fødande skal oppleve at dei som er med henne under fødselen er der for å hjelpe og støtte ho gjennom fødselen.
På fødeavdelingane blir interessene til dei fødande tatt vare på ut frå den enkelte sine ønske, behov og situasjon. Kvinna sine ønske møtast og blir følgt, så sant dette ikkje er i strid med det som er praktisk mulig og medisinsk og etisk forsvarleg.
Kvinnekroppen er skapt for det arbeidet ein fødsel er, så dei aller fleste fødslane skjer heilt normalt. Når det gjeld dei aller fleste av dei om lag 5000 fødslane som årleg skjer på Kvinneklinikken, så skjer dei utan komplikasjonar. Men vi er godt rusta til å ivareta dei fødande som treng ekstra oppfølging.
Førebuingar til fødselen:
Det er store variasjonar på korleis ein fødsel skjer og opplevast. Ikkje alle fødande opplever fødselen slik dei hadde venta. Dette er ikkje det same som at dei treng sitte att med ei meir negativ oppleving enn venta, like ofte blir det motsatt: Det blei ikkje så ille som eg hadde venta, trudd eller høyrt om.
Det er ikkje mogleg å sei korleis fødselen vil opplevast av den ein skilde, dette kan gjere tida fram mot fødselen både spennande og for enkelte litt skremmande.
Jordmødrene sine erfaringar er at for at fødande og dei som er med henne skal få ei best mulig oppleving av fødselen, så må dei vere trygge. Det å vere trygg er eit nøkkelord i alt fødselsarbeid. Og trygg blir den fødande og dei som er i lag med henne når dei har kunnskap og kjenneskap til kva som skjer under ein fødsel, når dei har med seg personar dei føler er der for dei, som gir dei hjelp og støtte under fødselen.
Fødselshjelparane:
Både den fødande og følgjet hennar, har tilgang til jordmor under heile fødselen. I Norge er det jordmora som har ansvaret for den normale fødselen. Hennar oppgåve er å støtte og hjelpe den fødande. Jordmora overvaker også fortløpande fosteret/barnet.
Den viktigaste informasjonen om korleis fosteret har det, får jordmora ved å lytte på hjerteslaga til fosteret. Derfor vil jordmor gjennom heile førebuinga til fødselen lytte på og telle hjarteslaga til fosteret. Det er fleire metodar ho då kan nytte:
- Jordmorstetoskop – hult trerøyr som blir plassert på kvinna sin mage, rett over det området der hjarteslaga høyrest best.
- Doppler
- CTG = carditokografi. To elektrodar plasserast på magen til den fødande – den eine registrerer hjartefrekvensen til fosteret, den andre registrerer riaktiviteten. Både hjartefrekvens og riaktivitet blir registrert og vist på eit display på CTG-apparatet. Resultatet kan og skrivast ut på ein papirstrimmel.
Jordmora overvaker fødselen frå minutt til minutt. Ved å undersøke mormunnopninga og hovudet sin plassering i fødselskanalen, får jordmora viktig informasjon om framgangen i fødselsprosessen. Det kan vere aktuelt å gjennomføre ei slik undersøking fleire gonger i løpet av fødselen for å følgje med på fødselen. Kvinna blir alltid informert når ei slik undersøking er aktuell og får vite resultatet av undersøkinga. Slik blir både ho og følgjet hennar orientert om framgangen i fødselsarbeidet.
Den fødande vil og treffe barnepleiarane på avdelinga. Barnepleiaren er ein viktig assistent for den fødande og jordmora under fødselen. Etter fødselen steller barnepleiaren den nyfødde og gir kvinna ammehjelp dersom ho treng det.
Det er viktig at den fødande og følgjet hennar bruker fødselshjelparane ho møter på fødeavdelinga. Dei vil støtte og hjelpe den fødande så fødselen til tross for smertefulle rier, blir ei god oppleving og erfaring.
På Kvinneklinikken er det fleire fødselslegar på vakt heile døgnet. Legane vert kontakta dersom det oppstår situasjonar under fødselen der jordmor ønskjer råd eller avklaring, eller at situasjonen krev at legen overtar ansvaret for fødselen.
Førebuing til fødselen:
Den fødande kan sjølv førebu seg på fødselen, og slik bidra til ei god fødselsoppleving:
• Førebu seg ved å skaffe seg kunnskapar og kjennskap til kva som skjer under ein fødsel, med eigen kropp og fosteret/barnet.
o Kjeldekritikk: Å vere selektiv til kva og kva slags informasjon som skal vektleggast i førebuingane til fødselen er viktig. Ikkje all tilgjengeleg informasjon er god eller riktig informasjon.
• Kom i god form. Om kvinna ikkje mosjonerer eller trener, bør ho begynne å gå turar så kondisjonen betrast og muskelkrafta aukar.
• Er det noe personale bør kjenne til om den fødande, for å kunne gi maksimal støtte og hjelp under fødselen og den første tida etterpå, er det viktig at dette blir kjent. Personalet har teieplikt.
• Om den fødande har spesielle tankar om fødselen sin, ønske eller behov, kan det vere fint å skrive dette ned og ta det med til sjukehuset. Då er kvinna viss på at ho greier å formidle dette vidare til dei som skal hjelpe henne under fødselen.
• Det er viktig å vere open for at fødselen kan bli ulik det ein har førestilt seg. Alle fødslar er unike og kan gi positive overraskingar, anten ein har født før eller skal føde for første gongen.
Kva skjer under fødselen:
Fødselsprosessen, kallar vi den prosessen den fødande og fosteret gjennomgår under fødselen. Kvinna sin livmorhals, som fødselshjelparen kallar mormunnen eller opninga, skal trekke seg til sides så fosteret kan passere ned i skjeden og ut. Dette skjer ved at riene øver press og drag, slik at mormunnen blir trekt bort, og ved at hovudet til fosteret pressar mot mormunnen. Opninga på mormunnen blir angitt i centimeter og går frå å vere lukka til 10 centimeter – eller full opning. Det er først når mormunnen er trekt heilt til sides at fosteret kan passere og fødast.
Samtidig med at mormunnen opnast blir fosteret pressa nedover i fødselskanalen. Kvinna sin fødselskanal er:
• Bekkenet – dette er den beinete delen av fødselskanalen.
• Muskulaturen i bekkenet.
• Skjeden, den mjuke delen av fødselskanalen.
Bekkenet til kvinna er forma som ei trakt. Men diameteren i trakta er forskjellig i dei ulike nivåa i bekkenet. Dette medfører at fosteret må utføre ein del rørsler og rotasjonar under fødselen for å kunne passere gjennom bekkenet. Fosteret finn sjølv den beste posisjonen for lettast å passere gjennom bekkenet.
Fødselen er delt i tre fasar – opningsfasen, utdrivingsfasen og etterbyrdsfasen.
Opningstida:
Ein reknar at fødselen er i gang når riene kjem regelmessig med mindre enn ti minutts intervall og mormunnen tek til å opne seg. Denne første delen av fødselen kallast opningsfasen, namnet kjem av at mormunnen no tek til å opne seg for å la fosteret passere og bli født.
Opningsfasen delast i to. Latensfasen er den første fasen av opningstida og av fødselen. Dette er den lengste fasen av fødselen. Mange fødande er heime mykje av denne tida. Riene opplevast ofte ikkje så veldig smertefulle i denne delen av fødselen. Stemninga er ofte prega av positivitet og glede, for:
Endeleg er fødselen i gang og vi skal snart få helse på den nye medlemen i familien!
Fødselsprosessen går seinast i den første delen av opningstida. Riene kjem med fleire minutters intervall. Mormunnen opnar seg langsamt fram mo ca. 3 – 5 centimeter. Då endrar ofte situasjonen seg. Fødselen går då over i den aktive fasen av opningstida. Riene kjem oftare og blir sterkare og dermed og meir effektive. Mormunnen opnar seg då fortare. Dersom den fødande ikkje har reist til Kvinneklinikken før, bør ho no dra til fødeavdelinga. I denne fasen er riene smertefulle, dei kjem med eit par minutts mellomrom og varer ca eit minutt kvar gong. I denne delen av fødselen vil mange fødande gjerne ha hjelp til å takle smertene.
I opningsfasen av fødselen er det viktig at den fødande vekslar mellom aktivitet og kvile. Bevegelse og aktivitet hjelper fosteret sine rotasjonar og bevegelsar gjennom bekkenet. For dei fleste fødande opplevast og riene mindre smertefulle dersom ho er oppe og i aktivitet, enn om ho ligg roleg i ei seng. Jordmor vil hjelpe kvinna så ho kan veksle mellom gode kvilestillingar og å vere i aktivitet.
Fødselsarbeid krev mykje energi. Den fødande bør tilføre kroppen energi ved å drikke og ete lette måltid. Mat og drikke får den fødande. Men sjukehuset har ikkje høve til å servere mat til andre enn den fødande, den eller dei som er med, bør ha med seg matpakke.
Når riene påfører strekk og press mot mormunnen, vil det etter ei tid komme ein del blodblanda utflod, teikningsbløding. Fostervatnet kan gå i alle fasar av fødselen, som oftast brest fosterhinnene og fostervatnet tek til å renne i den aktive fasen av opningstida.
Utdrivingstida:
Når mormunnen er heilt open og fosteret er komen ned i bekkenet, går den fødande over i utdrivingsfasen av fødselen. Hovudet til fosteret er no komen så langt ned i bekkenet at det trykker mot musklar, nervar og endetarm. Dette utløyser ein sterk trykketrong hos kvinna. Mange skildrar dette som ein intens trong til å gå på toalettet. For dei fleste opplevast dette som ei lette, fordi kvinna kjenner at no er ikkje barnet langt unna.
Før den fødande tek til å trykke, vil jordmor undersøke henne for å vurdere opning og kor langt ned i bekkenet fosteret har kome. Når mormunnen er heilt opna og barnet sit hovud har kome ned i skjeden, tek kvinna til å trykke. Ho brukar då kvar ri til å trykke. Mellom riene er det viktig for både mor og barn at kvinna pustar på og kviler. Saman med krafta i riene trykker kvinna barnet ri for ri lenger ned i bekkenet og ut.
I løpet av trykketida må kvinna finne ei fødestilling som meiner er behageleg og som gir henne høve til å trykke. Å variere mellom ulike fødestillingar er vanleg i utdrivingstida. Dette hjelper også barnet sine rotasjonar og nedtrenging i bekkenet. Mange fødande opplever at oppreiste fødestillingar er minst smertefulle og mest effektive. Jordmor vil rettleie og hjelpe den fødande til å finne ei stilling som er behageleg og best for framdrifta av fødselen.
Når barnet sitt hovud og kropp fødast, er det viktig at kvinna og jordmor samarbeider, slik at sjølve forløysinga kan gå så skånsamt som råd er. Jordmor vil rettleie kvinna i korleis ho skal trykke idet hovudet til barnet fødast. Målet med dette er at barnet skal fødast skånsamt og kvinna sitt vev skal vernast mot overstrekking og rifter.
Kor lang tid denne fasen varer varierer veldig, frå eit par minutt til ca ein time. Hos førstegangsfødande bør ikkje denne fasen vare meir enn ein time frå den fødande tek til å trykke aktivt, eller litt lenger dersom kvinna har epiduralanestesi.
Straks barnet er født får kvinna barnet til seg. Barnet leggast på mor sitt bryst. Rett etter fødselen er det viktig at kvinna, barnefar/følgje og barn får tid til å vere i lag på fødestova. Alle treng ro til å puste ut etter ei stor oppleving og barnet treng ro og merksemd for å finne fram til brystet og sitt første måltid. Dette er ei viktig tid, som ikkje skal uroast i utrengsmål. Derfor skal denne første tida etter fødselen vere så roleg og fri for uro som mulig!
Alle unødvendige oppgåver, støy og uro må eliminerast – inklusiv telefonbruk, besøk og mykje aktivitet på fødestova.
Etterbyrdstida:
Sjølv om barnet er født, er ikkje fødselen heilt avslutta. Morkaka skal og fødast. Vanlegvis kommer denne kort tid etter barnet. Kvinna kjenner då ofte ei svak ri og det kan komme litt blod frå skjeden. Dette er teikn på at morkaka har løyst seg frå livmorveggen. Når kvinna då trykker vil morkaka og fosterhinnene fødast. Dette opplevast vanlegvis litt ubehageleg, men ikkje smertefullt.
Der morkaka var festa i livmorveggen, er det no ei stor sårflate som kan blø rikeleg dersom ikkje livmora trekk seg godt saman. Derfor er det viktig at jordmor kontrollerer livmora og kor mykje det blør.
Etter fødselen må jordmor også undersøke kvinna for å sjå om det er blitt rifter. Dersom kvinna må syast etter fødselen, vil ho først få bedøving. Tråden som då blir nytta vil løyse seg opp i vevet skal derfor ikkje fjernast.
Publisert
08.06.2010 22:07 |
Endret
10.02.2011 10:57