Innleggingstelefon for fødande på Kvinneklinikken
Alle fødande bør før dei drar til Kvinneklinikken ringje Innleggingstelefonen for fødande:
55 97 22 00
Innleggingstelefon for fødande blir svara på av ei erfaren jordmor. Ho vil høyre på det du fortel, gje deg råd og saman med deg planleggje vidare gang.
Innleggingstelefonen er for akutte problemstillingar (tilsvarande Nødtelefon: 113). Du kan dessverre ikkje bruke denne tenesta til rådgiving som kan vente og takast opp med eigen lege, jordmor eller legevakt. Derfor hender det at vi må tilvise dit, når problemstillinga kan løysast der.
Når ringje innleggingstelefonen for fødande?
Innleggingstelefonen skal primært brukast for å melde frå om at fødselen er i gang og at du er på veg mot klinikken. Då kan avdelinga du skal føde på planleggje mottakinga av deg, ved å gjere klar fødestue og avklare kven som skal ha ansvar for mottaking og oppfølging av deg.
Er du usikker på om fødselen er i gang, eller det oppstår endringar hos deg eller barnet som uroer deg, kan du også kontakte jordmor via innleggingstelefonen.
Teikn på at fødselen er i gang:
Rier
- Fødselsrier er definert som smertefulle samantrekningar av livmora som kjem oftare enn kvart 10. minutt – og som er så effektive at dei påverkar livmorhalsen/mormunnen
- På slutten av svangerskapet vil alle gravide få samantrekningar i livmora – kynnarar/ Braxton Hicks contractions. Desse kan kome regelmessig, vere ubehagelege, utløysast spesielt ved aktivitet og roe seg om du senkar aktivitetsnivå.
- Ta kontakt med Kvinneklinikken når du synest riene er etablert, eller kjem med intervall på ca. 5 – 6 minutt. Har du lang veg til klinikken, har født raskt tidlegare, har hatt komplikasjonar i tidlegare svangerskap eller fødsler – eller er usikker, ta kontakt når riene begynnar.
Magesmerter
- Får du akutte magesmerter bør du kontakte Kvinneklinikken.
Avgang av fostervatn
- At fostervatnet begynnar å renne ut, kan vere det første teiknet på at fødselen er i gang. Om holet i hinnene er stort, renn det rikeleg med blakka væske frå skjeden. Er holet i fosterhinnene lite, vil berre ei lite mengde fostervatn kome. Mange opplever dette som at dei berre er fuktig nedantil.
- Uavhengig av mengde fostervatn – skal du alltid ta kontakt med Kvinneklinikken når du føler du ”lek” og du meiner at lekkasjen ikkje er urin eller utflod.
Bløding
- Blodtilblanda utflod er oftast eit teikn på at fødselen er i gang. Etter kvart som mormunnen/cervix opnar seg vil det alltid kome blodspor, blodtilblanda utflod eller sparsam bløding.
- Bløding seint i svangerskapet.
Er du usikker på om alt er bra med barnet?
- Det er vanleg at barnet blir rolegare når fødselen nærmar seg. Plassen i livmora er liten og du kjenner spark og bevegelsar på ein anna måte enn tidlegare. Men er du usikker på om barnet har det bra – fordi du ikkje kjenner dei vanlege sparka og bevegelsane, bør du ta kontakt med eigen lege eller jordmor. Om du ikkje får kontakt med dei – helg, natt, høgtid - ta direkte kontakt med Kvinneklinikken.
Forverring av tilstand og symptom
- Om tilstanden din blir endra etter at du har vore i kontakt med Kvinneklinikken – må du ta kontakt igjen.
- Har du ein sjukdom eller det har oppstått ein komplikasjon i svangerskapet, må du kontakte Kvinneklinikken om det oppstår ei forverring, eller du får nye symptom som kan relaterast til dette.
Utrygg, usikker og engsteleg
- Oppstår det situasjonar som gjer deg spesielt uroleg, og du ikkje får kontakt med eigen lege eller jordmor – kan du ringje jordmor på Innleggingstelefonen.
Kven skal vere med til Kvinneklinikken?
Dei aller fleste fødande ønskjer å ha med seg ein av sine nærmaste under fødselen. Du kan sjølv velje kven du vil ha med deg.
For at vi skal greie å skjerme dei fødande og skape den ro som er viktig rundt ein fødsel, ber vi om forståing for at det hovudsakleg berre er den som er med under fødselen som får kome inn i avdelinga. Andre besøkjande blir bedd om å vente heime til nokre timar etter fødselen, eller til visittid.
Kva ha med til Kvinneklinikken?
Ha alltid med deg:
- Helsekort for gravide
- Blodtypesvar – Rhesus prøvesvar
- Ultralydbeskrivinga
- Andre prøve- eller undersøkingssvar
- Andre papir som omhandlar dette eller tidlegare svangerskap eller fødslar
- Faste medisinar - dersom du bruker medisinar, bør du ta desse med til fødeavdelinga. Du må alltid opplyse om eventuell medisinbruk.
På føde-/barselavdelinga får du det meste av det du treng til deg og barnet. Kva kvar kvinne ønskjer å ha med seg sjølv til klinikken, er veldig individuelt.
- Toalettsaker
- Innesko
- Morgonkåpe og/eller joggedress
- Lette klede til opphaldet på barselavdelinga. Ikkje ta noko som strammar - lause, lette plagg er best.
- Eventuelt amme-bh
- Eventuelt klede til heimreise
Kan vere aktuelt å ha med deg:
Musikk - musikk kan ha avslappande, roande og smertelindrande effekt. Viss du likar å lytte til musikk, kan det derfor vere ein idé å ta med seg musikk til fødselen.
Fotoapparat eller videokamera. Kvinna bestemmer kva som skal festast til film under ein fødsel. Før fødselen bør dette vere gjennomtenkt og snakka om med den som skal vere med under fødselen.
Ikkje alle kvinner er innstilt på å bli filma under sjølve fødselen. Dette er noko ho i tilfelle bør formidle til følgjepersonen sin på førehand.
"Ønskjebrev". Under fødselen er det viktig at det er god kommunikasjon mellom kvinna, følgjepersonen hennar og fødselshjelparane. For at vi skal kunne hjelpe deg på beste måte for deg, er det viktig at dine ønskjer, tankar, følelsar og spørsmål under heile opphaldet blir vidareformidla til oss. Hugs at alle som arbeider på Kvinneklinikken har teieplikt.
For nokon kjennest det godt å skrive ned det dei går og tenkjer på, før dei kjem til klinikken. På denne måten kan du forsikre deg om at du får formidla tankane og ønskja dine vidare til oss. Ta gjerne med deg eit slikt ”ønskjebrev” til fødsel din. Men du skal også vite at personalet vil vere tilgjengeleg under heile opphaldet. Vi ønskjer å hjelpe og støtte deg etter kvart som behov og ønskjer melder seg.
Kva avdeling skal du føde på?
Kvinneklinikken har to fødeavdelingar – Storken og Føden.
Kven møter du når du kjem til Klinikken?
Jordmor er spesialist på det normale svangerskap, fødsel og barseltid. Ho har også eit stort ansvar og ein viktig rolle saman med lege, å følgje opp gravide, fødande og barselkvinner som treng ekstra oppfølging, overvaking og behandling. Du vil alltid ha ei jordmor tilgjengeleg under heile fødselen og i barseltida.
Barnepleiarar/hjelpepleiarar er ei viktig yrkesgruppe. Dei vil saman med jordmor vere tilgjengeleg og følgje deg opp før, under og etter fødselen.
Gynekolog/fødselslege. På Kvinneklinikken er der alltid fleire erfarne gynekologar på vakt. Gynekologane og jordmødrene på kvart vaktskift samarbeider tett om å gjere svangerskapet, fødselen og barseltida for kvar kvinne og barn best og tryggast mulig.
Anestesi- og operasjonspersonale og pediater/barnelege er alltid på vakt. Desse er i beredskap og kjem raskt til om det skulle bli bruk for deira tenester.
Det at vi er eit universitetssjukehus betyr at ei av våre viktigaste oppgåver er å utdanne nye helsearbeidarar. Som ein del av vårt arbeidsteam inngår derfor studentar. Studentane er alltid saman med ei erfaren jordmor eller lege, som er den ansvarlege for at oppfølging, pleie og behandling blir optimal. Dei fleste av våre fødande opplever at å ha student med seg, betyr at ein ekstra fagperson er tilgjengeleg, følgjer opp og bidrar positivt.
Kva skjer ved mottakinga?
Årsaka til at du kjem til Kvinneklinikken vil avgjere kva undersøkingar, oppfølging og behandling som blir aktuelle. Du vil bli informert undervegs om kva som skal skje og du har heile tida høve til å stille spørsmål.
Undersøkinga ved mottakinga, blir som ein utvida svangerskapskontroll, kor vi kontrollerer:
- Mor sin mage for å finne barnet sitt leie, kor stort barnet er + kontrollerer rier
- Fosterlyd blir kontrollert
- Fostervatn blir inspisert – om dette er gått
- Gynekologisk undersøking for å kjenne kor langt ned i bekkenet barnet har kome + om riene har fått livmorhalsen til å opne seg
- Blodtrykket blir kontrollert
- Eventuelt urinprøve
- Puls + temperaturkontroll
- Om du har vore plaga med obstipasjon/ treg mage kan du få tilbod om å tømme tarmen din.
Ut over dette vil jordmor og lege rekvirere fleire undersøkingar om dette viser seg nødvendig: for eksempel ultralyd, røntgen og blodprøvar.
Undersøkingane som blir gjort avgjer korleis vidare oppfølging blir.
Publisert
08.06.2010 22:07 |
Endret
02.04.2012 09:43