Primærbehandling ved eggstokk-kreft er operasjon der målet er å fjerne mest muleg av vevet som er invadert av kreften, og samstundes å seie noko om kreften har spreidd seg. Under operasjonen får kvinna fjerna livmor, eggleiarar, eggstokkar, og oment (eit feittforkle som ligg over tarmane). Ofte blir også lymfekjertlar i bekkenet og langs de store blodårene i buken fjerna.
Av Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus
Dersom det ikkje er muleg å fjerne alt kreftvev ved ein operasjon, vil det bli gitt kjemoterapi (cellegift/cytostatika), anten når diagnosa er klar, i samband med planlegging av operasjon, eller etter operasjon. Dei fleste pasientar vil få cellegift som tilleggsbehandling dersom dei blir operert. Strålebehandling er sjeldant aktuelt ved denne typen kreft.
Behandling blir bestemt individuelt i samråd med kvinna sjølv.