I Helse Bergen består dysmeliteamet av fagfolk frå Haukeland universitetssjukehus, Ortopedisk klinikk, Ortopedisk Rehabilitering og Ergoterapiavdelinga, samt frå ortopeditekniske firma.
Teamsamansetjing: ortopedar, ergoterapeutar og ortopediingeniørar. Dysmeliteamet er med i ei nordisk samanslutning av fagfolk som arbeider med dysmeli.
Kva kan vi gjere?
Alle barn og vaksne med dysmeli kan komme til oss for vurdering, informasjonssamtale og igangsetting av eventuelle tiltak:
Informasjon
Dysmeliteamet gir informasjon om diagnose og om mulegheiter og avgrensingar i forhold til å klare dagliglivet når ein har dysmeli.
Protesar eller andre hjelpemiddel?
Saman med dykk vil vi vurdere om det er hensiktsmessig å tilpasse protesar eller andre hjelpemiddel som gjer det enklare å klare viktige/ ønska aktivitetar. Det blir gitt opplæring og trening i bruk av protesar.
Individuell oppfølging
Alle personar blir følgd opp i forhold til eigne behov. Type oppfølging blir avtalt med den enkelte eller pårørande.
Oppfølging i barnehage og skole
Ergoterapeut reiser ut til barnehagar i kommunane for å rettleie personalet der dei har barn med armdysmeli / barn med armprotese. Rettleiing blir også gitt i samband med skulestart, saman med opplæring og oppfølging av protesefunksjon.
Oppfølging foreldre
Foreldre har mulegheit for å ringe oss dersom det er noko dei ønskjer å diskutere med ein frå teamet.
Oppfølging vaksne
Rettleiing i forhold til tilrettelegging av arbeidsforhold i heim, skule og arbeidssituasjon. Protesetrening ved behov.
Dysmelitreff
Ein gong i året blir det arrangert treff for dysmelibarn og foreldre.
Møte andre med dysmeli?
Vi formidlar kontakt med andre familiar/ personar med dysmeli for gjensidig utveksling av erfaringar med meir.
Vi formidlar også kontakt med Dysmeliforeininga og TRS (kompetansesenter for små diagnosegrupper)
Du kan kontakte oss på telefon 55 97 70 40
Tilvisning
Barn (og vaksne) kan tilvisast til Dysmeliteamet i Helse Bergen av lege/ fastlege.
Tilvisingsskjema til spesialisthelsetenesta nyttast, og sendast til:
Haukeland universitetssjukehus/ Ortopedisk klinikk/ Avdeling for ortopedisk rehabilitering
Dysmeliteamet v/ dr. Sigrun Solberg, 5021 Bergen
Publisert
26.05.2010 01:06 |
Endret
01.06.2010 18:45