Dersom du blør
Dersom du er mindre enn 22 veker på veg i svangerskapet, skal du kontakte lege eller legevakt, som vil vurdere om du skal vidare til Kvinneklinikken.
Om du begynner å blø i siste del av svangerskapet, kan du vende deg direkte til Kvinneklinikken. Ring innleggingstelefonen for fødande (tlf: 55 29 97 65). På denne telefonen møter du ei erfaren jordmor.
Når du vender deg til Kvinneklinikken, eller når du kommer hit, vil du bli spurt om:
Blødinga:
o Kor mykje og kva farge (friskt raudt blod eller mørkt raudt/brunt blod)
o Er blødinga aukande eller avtakande?
o Dersom blødinga aukar eller tilstanden din endrast etter at du har vore i kontakt med Kvinneklinikken, må du ta kontakt igjen.
• Korfor blør du:
o Gjorde du noko spesielt like før du begynte å blø?
o Mot slutten av svangerskapet er det vanleg at støt mot den blodrike delen av livmorhalsen medfører ufarlig, sparsom blødning. Dette kan for eksempel skje etter samleie eller etter underlivsundersøking.
• Fostervatn:
o Kan blødinga være blodblanda fostervatn?
o Ei rikeleg, tyntflytande rosa væske kan vere teikn på at du mister fostervatn, noe som kan forvekslast med ei større blødning.
• Smerte:
o Har du rier? Rier er såkalt intermitterande smerter, (dette er smerter som kommer og går), i nedre del av magen og/eller ryggen. Magen blir stram og hard under riene, og mjukare og smertefri i pausene.
o Har du andre typer smerter?
o Dersom smerten aukar etter at du har vore i kontakt med Kvinneklinikken, må du ta kontakt igjen.
• Sparking i magen
o Kjenner du at barnet sparkar og rører seg som før?
o Ingen endring på mønster eller styrke i spark og rørsler hos barnet, er eit teikn på at den vesle har det bra.
Årsaker til blødning seint i svangerskapet
Det kan vere fleire årsaker til at det begynner å blø seint i svangerskapet. Det hender ofte at det ikkje er noen klar årsak til at ei blødning oppstår.
Tekningsblødning:
Ei sparsom blødning, utflod/slim blanda med friskt blod. Tekningsblødning kallar vi det, fordi blødningen er eit signal om at livmorhalsen/mormunnen er i ferd med å opne seg. Tekningsblødning er eit signal om at livmorhalsen modnast og at fødselen er nær eller alt i gang.
Kontaktblødning:
I løpet av svangerskapet er livmorhalsen/mormunnen meir blodfylte enn vanleg. Kontakt eller støt mot livmorhalsen/mormunnen kan derfor føre til ei lita blødning. Blødning etter samleie eller gynekologisk undersøking kan derfor forekomme, særleg mot slutten av svangerskapet. Ei blødning som resultat av støt eller berøring av livmorhalsen/mormunnen er ufarlig, sparsom og går raskt over.
Blødning frå morkaka:
Staden der morkaka er festa i livmorveggen, blir alltid kontrollert ved den vanlige ultralydundersøkinga etter 18 veker. Den gravide blir då alltid informert dersom morkaka har festa seg slik at det er fare for blødning. Når morkaka heilt eller delvis dekker den indre mormunnen, kallast dette forliggande morkake. Morkaka kan, etter som livmora veks, trekke seg opp og bort frå mormunnen. Dette vil, hos dei det gjeld, bli kontrollert med ny ultralydundersøking seinare i svangerskapet. Dersom morkaka dekker åpninga til mormunnen ved termin, må fødselen skje med keisarsnitt. Ultralydundersøking før 20. svangerskapveke viser at 5 – 6 % av dei gravide har forliggande morkake, mens knapt 1 % har forliggande morkake ved termin. Når morkaka ligg over eller eller like ved mormunnen, vil dette medføre auka blødningsfare. Det kan blø frå kanten av morkaka når livmora veks og strekkast, samtidig som barnet pressar mot mormunnen. Innlegging til observasjon eller fleire kontrollar kan bli aktuelt.
For tidleg løysing av morkaka:
Den mest alvorlege, men til alt hell svært sjeldne, årsaka til bløding skuldast at morkaka heilt eller delvis har løsna frå livmorveggen. Kvinna får då samtidig svært vondt i magen.
Behandling:
Avhengig av kva som er årsak til blødninga, vil det bli satt i verk behandling. Rettleiing og rådgjeving per telefon er av og til nok. I andre tilfelle er vidare undersøking og behandling nødvendig. Etter samtale med jordmor vil du få orientering om kva du bør gjøre vidare. Dersom tilstanden oppfattast som stabil, kan du bli beden om å sjå situasjonen an – eller om å kontakte legen din, jordmor eller legevakt for avklaring og eventuell kontroll. Du kan og bli beden om å komme til Kvinneklinikken for ei vurdering. I så tilfelle må du være budd på at du kan bli lagt inn til observasjon eller behandling. Dersom situasjonen din blir oppfatta som uklar eller alvorlig, kan rask transport til sjukehus vere avgjerande. I så tilfelle blir det rekvirert sjukebil.
Dersom tilstanden din endrast etter at du har vore i kontakt med Kvinneklinikken, må du ta kontakt igjen!
Publisert
18.05.2010 17:11 |
Endret
13.12.2010 15:23