Sjølv om dei fleste kvinner i vaksen alder har regelmessige menstruasjonsblødingar, er midlertidige endringar i blødingsmønsteret ganske vanleg og oftast ufarlig. I fasen ved start av menstruasjon (tidleg tenår) og ved start av overgangsalderen er uregelmessige blødingar svært vanlege.
Av Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus
Dersom plagene vedvarar, blødingane er uvanleg store/kraftige, eller ein mistenker at det kan vere bløding grunna eit unormalt svangerskap (spontanabort/graviditet utanfor livmora) er det fornuftig å søke hjelp frå lege.
Fastlegen vil i stor grad kunne undersøke og behandle dette, men vil sende deg vidare til undersøking hos gynekolog dersom han/ho finn grunn til det. Ved blødingsforstyrring er det nokre moment som er viktige og som det er fint om du kan svare på når du kommer til legen:
Er menstruasjonen regelmessig (kommer med det same mellomrom rekna frå 1. dag med menstruasjon til start av neste menstruasjon) eller uregelmessig (kommer med forskjellig tidsintervall)?
Blør du i perioden mellom det du reknar som menstruasjon? Kor lenge har du hatt unormale blødingar? Kan du få bløding under samleie?
Det er nyttig om du fører ein blødingskalender, t.d. kryssar av i almanakken for dagar du har bløding. (kan hende markere med ein stor X for kraftig bløding / lita for lite bløding.)
Er menstruasjonen unormalt kraftig? Kor mange bind/tampongar må du skifte i løpet av ein dag/natt? Blir du blodfattig? (Har legen din målet blodprosenten/jernlageret?)
Kan du vere gravid? Bruker du prevensjon? Eventuelt: prøver du å bli gravid? Dette kan ha mykje å sei for val av behandling.
Har du fått behandling mot blødingsforstyrring tidlegare? Kva er prøvd?
Tar du medisinar? Nokre medisinar som t.d. blodfortynnande kan gi auka risiko for bløding. Har du andre sjukdommar som du får behandling mot eller går til kontroll for?
Både ved oppstart med P-piller og hormonbehandling i overgangsalder kan ein få uregelmessige blødingar dei første 2 – 3 månadene. Blødingsmønsteret vil deretter stabilisere seg.
Koparspiral kan gi kraftigare menstruasjoner, hormonspiral reduserer menstruasjonsbløding, men gir ofte mellomblødingar dei første månadene.
Hos legen vil det bli utført underlivsundersøking (gynekologisk undersøking) og hos gynekolog blir som oftast innvendig ultralydundersøking gjort. Nødvendige prøver kan vere celleprøve og bakterieprøve frå livmorhalsen og eventuelt celleprøve eller prøve av vev frå livmora.
Uregelmessige blødingar skuldast ofte hormonforstyrring og det vil ein kunne regulere med medisinar. Har ein samtidig bruk for prevensjon er P-piller ofte ein god behandling.
Kraftige blødingar kan og reduserast med bruk av P-piller, alternativt blødingsdempande tablettar, eller noen typar smertestillande (veleigna dersom ein samtidig har sterke menstruasjonssmerter).
Dersom medisinar ikkje gir tilstrekkeleg effekt kan det vere nødvendig med kirurgisk behandling:
• Fjerning av livmorslimhinna er ein liten operasjon som blir gjort som dagkirurgi (krev ikkje innlegging/overnatting). – LINK – infobrosjyre
• Fjerning av livmora (hysterectomi) er ein større operasjon som krev innlegging på sjukehus. Dette kan utførast via skjeden (vaginalt), som kikholsoperasjon (laparoskopisk) eller som open operasjon (laparotomi), sjå eige skriv om dette. LINK – infobrosjyre.
Ved kraftige blødingar som skuldast store muskelknutar i livmora er alternativ til operasjon embolisering. Dette er ein prosedyre der dei største blodårene til livmora blir tetta under røntgengjennomlysing. Inngrepet medfører nokre dagar på sjukehus. LINK – infobrosjyre.
Dersom det er påvist polypp (utvekst på livmortapp eller i livmorslimhinna) eller innvendig muskelknute som ein ser som årsak til blødingane, er det tilrådd at desse fjernast. Som oftast blir dette gjort med eit lite inngrep gjennom livmorhalsen som dagkirurgi. LINK – infobrosjyre.
Bløding etter at menstruasjonen er stoppa for godt (overgangsalder = menopause) skal ALLTID undersøkast! Sjølv om dette ofte skuldast godarta endringar så er dette eit mulig kreftsymptom og krev utgreiing.
Kontakt fastlege for undersøking. Dersom det er nødvendig, vil du bli vist vidare til gynekolog.