Bakteriell vaginose 

Kroppen kan klare å ordne opp på eiga hand, men går ikkje plagene over, bør du ta kontakt med lege. Du kan anten få tablettar eller lokalbehandling med krem eller vagitorier i skjeden.
 

Dei fleste blir friske når dei får behandling, men ca 30 % får tilbakefall.
Bakteriell vaginose er ei vanleg plage hos vaksne kvinner. Det er ikkje smittsamt.

Partner treng ikkje behandling. 

Kan eg gjere noko for ikkje å få plagene igjen?
Vi veit lite om førebyggjande tiltak. Å bruke lokalbehandling med mjølkesyrepreparat eller mjølkesyrebakteriar har ingen dokumentert effekt.

Kva skal eg gjere dersom eg får plagene igjen?
Dersom du har illeluktande utflod og plagene ikkje går over av seg sjølv, bør du ta kontakt med lege. Har du hatt ubeskytta seksuell kontakt med ny partner, kan bakteriell vaginose vere symptom på at du er smitta med ein seksuelt overførbar sjukdom. Dersom du ikkje har fått ny partner og har fått symptom på bakteriell vaginose, er det opp til din lege om han/ho vil gje deg medisin utan at du går til undersøking.

 Kategoriar

 Diagnose

 Blir utført ved


Publisert 02.05.2010 17:28 | Endret 02.05.2010 18:11 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo