Ei kvinne som vil ta abort kjem først til samtale med sjukepleiar ved poliklinikken vår. Du vil få informasjon om behandlingsmåtar. Du snakkar deretter med lege, og det blir utført ei vanleg underlivsundersøking og vaginal ultralyd for å bestemme svangerskapet si varigheit.
Den mest vanlege metoden er medisinsk abort uansett svangerskapet si varigheit.
Medikamentell abort
Aborten startar ved at du, anten same dag som første avtale, eller på ein avtalt dag, får éin tablett med mifepriston (Mifegyne®) av sjukepleiar på Gynekologisk poliklinikk. Verkestoffet i tabletten gjer at livmora ikkje lenger reagerer på kroppen sitt eige graviditetsbevarande hormon progesteron. Dermed blir den vidare utviklinga av graviditeten stansa. Når tabletten er tatt er aborten påbegynt. Du må då fullføre aborten.
Etter inntak av tabletten drar du heim, og du bør leve så normalt som muleg. I løpet av dei neste to dagane kan du bli kvalm, begynne å blø og få menstruasjonsliknande smerter.
Etter to døgn skal du fullføre aborten. Du kan kome tilbake til sjukehuset, eller velje å fullføre heime dersom forholda ligg til rette for det. Kor du ønskjer å fullføre aborten må du bestemme i løpet av den første konsultasjonen på sjukehuset.
Medikamentell abort på sjukehuset
To døgn etter inntak av den første tabletten blir du lagt inn ved sjukehuset si dagavdeling. Du set sjølv fire tablettar med misoprostol (Cytotec®) inn i skjeden, og tar deretter smertestillende tablettar. Misoprostol gjer at livmora trekkjer seg saman. Dette kan gi ein del smerter, og kan opplevast på same måte som ved ein spontan abort. Vi prøver å gjere situasjonen så lite smertefull som muleg, og tilbyr smertestillande medisinar etter behov. I løpet av dei neste 4-6 timar vil dei fleste abortere. Du kan ete og drikke det du vil. Det er ein fordel at du er i aktivitet då dette får fortgang i prosessen. Sjølve aborten inneber bløding med koaglar/klumpar, og er i styrke som dei første dagane av ein menstruasjon, eller noko sterkare. Dei fleste reiser heim same dag.
Medikamentell abort heime
Friske kvinner over 18 år kan velje å fullføre aborten heime dersom svangerskapet si varigheit er under ni veker. Du må ha ein vaksen person hos deg den dagen du aborterer.
Gangen i aborten heime er slik som ved innlegging på sjukehuset. Du får med deg Cytotec® som du skal sette i skjeden om morgonen to dagar etter du fikk Mifegyn. Deretter tar du smertestillende tablettar som du har fått med deg frå poliklinikken. Ein sjukepleiar ringer om formiddagen for å høyre korleis du har det.
Etter aborten vil dei fleste blø avtakande i om lag 14 dagar. Du kan bli sjukemeld i tre dagar frå og med den dagen du tar Cytotec. Det er vanlegvis lite biverknader ved behandlinga. Dei vanlegaste plagene er rikeleg bløding og magesmerter. Nokon kan oppleve kvalme og trøttleik. Infeksjonsrisikoen er låg.
Det er ingen legekontroll etter aborten, men du skal ta ein blodprøve 28 dagar etter at du tok den første tabletten (Mifegyne®). Det er viktig at denne blodprøven blir tatt for å vere sikker på at svangerskapet er avslutta. Dersom menstruasjonen ikkje kjem tilbake etter 4-6 veker, må du kontakte lege for å finne ut om svangerskapet har gått vidare.
Kirurgisk metode
Dette er eit lite inngrep der du vanlegvis får narkose, men som også kan gjerast i lokalbedøving via skjeden. Legen gjer ei utskraping gjennom livmorhalsen via skjeden. Dette liknar mykje på ei vanleg gynekologisk undersøking.
Du får avtale om innlegging i sjukehuset for å få gjort inngrepet nokre dagar etter at du har vore til samtale med lege og sjukepleiar i poliklinikken.
• ALLE MÅ FASTE frå midnatt kvelden før operasjonen.
Faste vil seie at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi, ete drops eller røyke! Tannpuss går greitt.
Faste er viktig for at magesekken skal vere tom under operasjonen. Det hindrar mageinnhald som kan kome opp og over i lungene når du er bedøva.
Sørg for at du et næringsrik mat om kvelden dagen før operasjonen. Det førebyggjer at du føler svolt og tørst operasjonsdagen.
Er du diabetikar må du planlegge fasta med legen. Dersom du tar faste medisinar - avklar med gynekolog eller anestesilege innskrivingsdagen om du skal ta desse eller ikkje den dagen du skal faste.
For at inngrepet skal vere så skånsamt som muleg får kvinner som ikkje har født barn tidlegare ei forbehandling same morgon som inngrepet skjer. Du får i så fall med deg to tablettar Cytotec® frå poliklinikken ved forundersøkinga. Tablettane set du i skjeden om morgonen før du drar til sjukehuset. Stoffet mjukar opp og utvidar livmorhalsen. Sjølve inngrepet varer om lag 10 min. Deretter blir du observert i avdelinga i 2-4 timar før du kan reise heim. Har du smerter etter inngrepet vil du bli tilbode smertestillande.
Etter opphaldet ved Kvinneklinikken vil dei fleste blø avtakande i knapt ei veke. Du blir sjukemeld ved behov i tre dagar frå og med opphaldet i avdelinga.
Det er vanlegvis lite biverknader av behandlinga, og dei fleste behandlingane er ukompliserte. Dei vanlegaste plagene er relatert til narkose, og artar seg som kvalme og brekkingar. Nokon kan oppleve rikeleg bløding og magesmerter. Infeksjonsrisikoen er låg. Ein sjeldan gang blir det skader på livmora, urinblæra eller tarmen. Det er svært uvanleg at inngrepet ikkje avbryt svangerskapet. Dersom menstruasjonen ikkje kjem tilbake etter 4-6 veker, må du kontakte lege for å finne ut om svangerskapet har gått vidare.
Kontroll etter kirurgisk abort er ikkje vanleg med mindre det oppstår komplikasjonar som feber, aukande smerter og/eller rikelege blødingar. Eventuell kontroll blir utført hos fastlegen eller den faste gynekologen din. Du bestiller time sjølv.
Etter aborten
Kvinner har eggløysing som normalt etter aborten, og du kan derfor bli gravid to veker etter behandlinga. Av den grunn blir det tilrådd at du startar med prevensjon rett etter aborten. Legen informerer deg om prevensjon ved forundersøkinga, og du får tilbod om resept.
Dei færraste får alvorlege psykiske reaksjonar etter ein abort. Nokon kan vere letta etter inngrepet, og nokon kan vere triste. Det er ikkje unormalt å føle sorg og vere trist etter ein abort, trass i at det er ein sjølv som har tatt valet. For dei fleste vil det hjelpe å snakke med sine nærmaste. Amathea har også oppfølging for kvinner som har tatt abort.
Publisert
16.05.2010 21:49 |
Endret
16.05.2010 22:00