Abortlova 

Årleg blir det utført om lag 16 000 provoserte abortar i Noreg. Dette talet har halde seg stabilt dei seinare åra, med ein liten auke dei siste par år. Nærmare 40 prosent av alle norske kvinner gjennomgår ein provosert abort i løpet av sitt reproduktive liv. Yngre kvinner og kvinner som lever i ustabile parforhold er mest tilbøyelege til å be om svangerskapsavbrot dersom dei blir uønskt gravide.
 
I Noreg blir kvinner sin rett til å få utført abort regulert av Lov om svangerskapsavbrudd frå 1975. Då lova blei innført måtte kvinna først fylle ut ein søknad, så blei avgjersla om svangerskapsavbrot tatt av ei nemnd.

I 1978 fekk kvinna rett til sjølv å avgjere om ho ville avbryte svangerskapet. Denne retten er tidsavgrensa og gjeld til utgangen av tolvte veke av svangerskapet.

Abortlova bestemmer dei rettar og plikter både kvinna, legen og sjukehuset har i samband med abortinngrepet. For å få utført abort må kvinna sjølv fylle ut eit skjema hos legen, anten hos allmennpraktikar, privatpraktiserende gynekolog eller på sjukehuset. Legen har sjølvsagt teieplikt. Dersom kvinna er under 16 år, er hovudregelen at foreldre eller verje skal uttale seg med mindre det er tungtvegande grunnar som taler mot dette. Kvinna sjølv blir tatt med på råd. Den legen kvinna vender seg til har plikt til å gi informasjon om korleis abortinngrepet blir gjennomført og om moglege komplikasjonar. Legen skal også opplyse om at kvinna kan få informasjon om den hjelp samfunnet tilbyr dersom ho ikkje vel abort. Kvinna treng ikkje å oppsøkje denne informasjonen.

Når kvinna skriv under abortbegjæringa, stadfestar ho at ho har fått opplysningar om inngrepet sin art og eventuelle komplikasjonar. Kvinna stadfestar også at ho har fått opplysningar om muligheitene for informasjon om den støtta samfunnet kan gi ho. Ho treng ikkje gi nokon grunn for valet sitt.

Abortlova gir kvinna rett til prevensjonsrettleiing i samband med inngrepet. Dette er ei rett kvinna har, men ho kan sjølv velje om ho vil motta slik rettleiing.

Legen skal snarast mogleg sende kvinna si begjæring om svangerskapsavbrot vidare til sjukehuset. Dette er ei oppgåve legen ikkje kan reservere seg mot.

Aborten blir sett i gang på sjukehus og er gratis. Det er vanleg praksis å først møte ved sjukehuset til ei forundersøking. Under forundersøkinga vil kvinna få nærmare opplysningar om sjukehuset sine rutinar.

Abortlova seier og kva som skjer dersom kvinna ønskjer abort etter utgangen av 12. svangerskapsveke. Kvinna kan då søkje om å få svangerskapet avbrote, anten gjennom lege eller direkte til sjukehuset. Avgjersla om slike abortar blir teke av ei nemnd med lege/helsepersonell: Nemnda skal leggje vekt på kvinna si grunngiving. Dersom søknaden blir avslått, blir den automatisk vurdert av ei ny, nasjonal nemnd, kalla klagenemnd.

Ifølgje lova kan abort etter 12. veke og innan 18.veke av svangerskapet bli innvilga på visse vilkår. Dette kan vere omsynet til mora si helse eller hennar livssituasjon, dersom det er fare for at barnet kan få alvorleg skade, eller at kvinna er blitt gravid som mindreårig eller etter seksuelle overgrep.

Etter svangerskapet si 18. veke skal det væra svært tungtvegande grunnar for å innvilge svangerskapsavbrot. Det vil ikkje bli gitt løyve til abort dersom ein trur at fosteret er levedyktig på det tidspunktet aborten blir gjennomført.

 Relevante behandlingar


Publisert 20.05.2010 17:47 | Endret 21.05.2010 09:07 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo