Tida før 1912: Frå sjukehus som ein del av fattigkassa til moderne nybygg på Haukeland 

Haukelands historie strekk seg mykje lenger tilbake enn til opninga i 1912.


Det endelege vedtaket
om bygging av sjukehuset kom 6. mai 1907.

Budsjettet for bygginga av Haukeland sjukehus i perioden 1908–1912 var på kr 1.526.000,-. Det vart brukt kr 9.411,- mindre.

Bergen fekk sitt første offentlege sjukehus i 1754, men med ei svært avgrensa drift - I 1763 hadde sjukehuset plass til 12 pasientar. Frå byrjinga av 1800-talet vart sjukehuset kalla Bergens civile Sygehus, for å skilje det frå det militære hospitalet i byen, seinare vart namnet Bergens kommunale Sygehus Eller berre Bergens Sygehus. Drifta av sjukehuset vart fram til 1792 finansiert frå fattigkassene i byen. Først mot sluten av 1800-talet vart sjukehuset teke ut av fattigvesenet og organisert som ei kommunal verksemd.

I 1863 skreiv overlege Jens Andreas Holmboe om sjukehuset at det var ”aldeles uhensigtsmæssigt og næsten ubrugeligt og ga et saa ynkeligt, fattig og sjofelt Præg, at det hele Anlæg gjorde et lurvet, ja næsten væmmeligt Indtryk.” Han foreslå å byggje eit heilt nytt sjukehus, på Nygård.

Protokoll
BBA A-0557 Byggeledelsen for
Haukeland sykehus,
volum Cb-L0001.
Vegen fram til det nye sjukehuset på Haukeland var lang og krunglete og gjekk via to kommunale komitear. I møte i formannskapet 22. juni 1899 vart det endeleg vedteke å byggje nytt sjukehus på Haukeland og 6. mai 1907 vart planer og budsjett i tråd med arkitekt Victor Nordans prosjektforslag vedteke.

I heile perioden auka aktiviteten ved det gamle sjukehuset i byen stadig, det same gjorde talet på pasientar. I 1905 fekk sjukehuset eit røntgeninstitutt og i 1907 kom den første kvinnelege legen. I 1911 vart det innlagd heile 1479 pasientar ved sjukehuset, det vart gjennomførd 665 operasjonar, gitt 555 narkosar og utført 100 obduksjonar.





Protokoll frå bygginga av Haukeland. Frå Bergen byarkiv














Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo