PRT gjev eit tverrfagleg behandlingstilbod til personar over 18 år med psykiske lidingar som medfører alvorleg funksjonssvikt og samansette behov.
| Telefon: 56 53 37 20
Telefon akutteam:
99 20 40 57
Opningstid:
måndag – fredag 0800-1530
|
Psykiatrisk rehabiliteringsteam
Voss sjukehus
5700 Voss
Stad: Skrivegarden
Epost:
prtvoss@helse-bergen.no
|
Psykiatrisk rehabiliteringsteam (PRT) er ein del av Voss Distriktspsykiatriske Senter (DPS) og held til i Skrivargarden ved Voss sjukehus.
I PRT har vi stillingar for psykiater, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar, psykatrisk vernepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og sosialkurator.
Korleis arbeider me?
Individuell oppfølging
PRT kan tilby samtalar, medikamentell oppfølging, psykoterapi, fysioterapi, kartlegging og avklaring av hjelpebehov. Me tilbyr også hjelp til å søka tenester, samt etablering av samarbeidsgrupper og individuell plan.
Gruppebehandling
Me tilbyr ulike former for gruppebehandling. Ein tek då sikte på å fremja utvikling og endring gjennom deltaking i eit gruppefellesskap. Verkemiddel i gruppene kan vera undervisning, samtale, utveksling av erfaringer, kreative arbeidsformer, fysisk aktivitet og praktisk samhandling.
Samarbeid med pårørande
Pårørande er ein viktig ressurs for å yta god behandling. Me legg vekt på eit godt samarbeid med pårørande i dei tilfelle der partane ønsker dette.
Nettverksarbeid
PRT samarbeider med andre som har med pasienten å gjera. I samråd med pasienten utveksler me informasjon og samordner tenester innan Voss DPS, med kommunen, og med andre instansar. På den måten kan me bidra til at hjelpeapparatet fungerer best mogleg.
PRT er eit ambulant team
Me legg vekt på å tilby hjelp der pasienten er. Dersom det er mest tenleg kan behandlinga og kontakten skje i heimen, i nærmiljøet eller på annan høveleg stad.
Akuttfunksjon
Akutteamet i PRT er eit lågterskeltilbod i vaksenpsykiatrien. Det er ikkje naudsynt med tilvising frå lækjar i akutte saker.
Pårørande, venner, helsepersonale eller den sjuke sjølv kan ta direkte kontakt om eit problem eller ein vanskeleg situasjon.
Akutteamet skal opprette kontakt/rykke ut innan 24 timar på kvardagar, for å avklare og trygge situasjonen. Vi set inn ressursar og følgjer saka til naudsynte tiltak er på plass og fungerer.
Akutteamet samarbeider nært med fastlegane og andre tenesteytarar.
Korleis koma i kontakt med PRT?
Kontakt med PRT skjer gjennom tilvising frå fastlege. Tilvising vert sendt til vaksenpsykiatrisk poliklinikk, Voss sjukehus, Sjukehusvegen 16, 5700 Voss.
Publisert
24.05.2010 17:04 |
Endret
02.03.2011 09:22