Hopp over navigasjonskoblinger.

Spesialpoliklinikken 

 
Spesialpoliklinikken er ein seksjon i Avdeling poliklinikk i Klinikk  psykisk helsevern for barn og unge. Spesialpoliklinikken har to team:
 

Telefon 55 97 45 00

55 97 45 00

Besøksadresse
Haukelandsbakken 11

Kart
Haukelandsbakken 11

Postadresse
Haukeland universitetssjukehus, Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, Spesialpoliklinikken, 5021 BERGEN

E-post
postmottak@helse-bergen.no

Korleis kome i kontakt med Spesialpoliklinikken?
Utgreiing og behandling i Spesialpoliklinikken er ei vidareføring av ein  behandlingskontakt i den lokale barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikken barnet sokner til. Fastlegen kan difor ikkje tilvise direkte til Spesialpoliklinikken sine to team. Pasientar som skal utgreiast hos Nevroteamet eller Autismeteamet må først tilvisast til ein av dei lokale barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkane. Den lokale poliklinikken vil, der det er grunnlag for det, kunne vende seg til og få bistand frå Spesialpoliklinikken sine to team.

Konsultasjonar, undervisning, rettleiing og anna verksemd
Spesialpoliklinikken skal medvirke til kompetanseheving i Klinikk PBU og gje konsultasjon og rettleiing i pasientsaker.  Fagpersonane i seksjonen tar og på seg meir generelle undervisings- og rettleiingsoppgåver knytt til seksjonen sine fagfelt.

Som ein del av fylket si spesialistteneste vert det gitt fråsegn til Fylkesmannen i samband med kap. 4A om avgrensingar og kontroll i bruk av makt og tvang.

Spesialpoliklinikken tek hand om Regionalt fagmiljø for barn og unge med autismespekterforstyrringar innanfor følgjande felt:

• Asperger syndrom eller høgtfungerande autisme, med tilleggsdiagnose
• Tidleg identifisering og intervensjon
• Alvorleg / djup psykisk utviklingshemming og autismespekterforstyrringar

Ved Spesialpoliklinikken jobbar det legar, psykologar, fysioterapeut, vernepleiarar, pedagogar, logopedar og test-teknikarar.

 


Publisert 02.07.2010 08:48 | Endret 03.11.2010 11:05 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo