Poliklinikk 

 
Øyre-nase-hals poliklinikken betener ei svært variert pasientgruppe. Vårt fag inkluderer mange av dei vanlegaste helseplager som finnest ute i samfunnet. Det kan vere alt frå biholeplager, mandlar og polyppar til snorking, håse stemmer, kremting og hoste. Mange har erfart plager med svimmelheit, øyresus, allergi og tørr munn, eller naseblødingar, skadar og klumpar i hovud-/halsområdet. Dette greier vi ut.
 

Mange kjenner nokre barn som er munnpustarar, barn som har gjentatt øyrebetennelse eller barn som bruker svært lang tid på måltida, og som kanskje ikkje vil ete skorpene på skivene. Dette er vanlege problem som blir handtert ved vår poliklinikk.

Vi vurderer i det heile alle former for symptom vedrørande høyrsel, lukt, smak, balanse og svelging.

Forutan slike plager, tar vi hand om ei lang rekkje alvorlege sjukdomar. Vi har ei rekkje legar med spesialkompetanse innanfor særlege område innan øyre-nase-halsfaget. Våre legar har samla svært stor erfaring, og vi bruker kompetansen til kvarande når det er ønskeleg og nødvendig. Sjølvsagt har vi også eit utstrakt samarbeid med andre sjukehusavdelingar.

Dersom du kjenner uro vedrørande helsa di innanfor øyre-nase-halsområdet, kan du gjerne be legen din ta kontakt med oss, så skal vi gi deg ein time innan rimeleg tid.

Velkommen!

Les meir om:

 

 

 


Publisert 04.06.2010 22:16 | Endret 16.12.2011 10:53 

 Kontaktinformasjon

Telefon: 55 97 27 00

Telefaks: 55 97 26 43

Opningstider:
måndag til fredag, kl.08.00 til 15.30
Kveldstilbod:
tysdagar kl. 16.00 til 19.00

Adresse:
Klinkk for hovud-hals
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen

Poliklinikken ligg i Sentralblokka, 2.etasje.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo