Cochlea Implantat (CI) 

 
Cochlea Implantat (CI) er eit medisinsk hjelpemiddel for personar som har store hørselstap lokalisert i sniglehuset. Tilbod om operasjon kan bli gitt til dei som har liten eller ingen nytte av ordinære høreapparat.
 
 
Cochlea Implantat (CI) er eit tilbod for vaksne på Haukeland universitetssjukehus. Vi har et eige CI-team som er tilknytt HøyresentralenØyre-nase-halsavdelinga.

 

Den første CI-operasjonen på Haukeland blei gjort i 1988. I perioden 1994-2010 er det utført om lag 220 operasjonar. CI-operasjonar på vaksne blir også gjort ved Rikshospitalet (RH) i Oslo og St. Olavs Hospital i Trondheim.

 

RH har i tillegg landsdekkande funksjon for CI-operasjon på barn under 18 år.

 

Kven er vi?

Haukeland sitt CI-team består av ØNH-spesialist, ØNH-kirurg, audiofysikar og audiopedagog med lang erfaring innan utgreiing, kirurgi og lydjustering. Vi tilbyr utstyr frå to fabrikantar av Cochlea Implantat: Med-El og Cochlear.

 

Utgreiing

Utgreiing består av medisinske og audiologiske undersøkingar, røntgen/ MR-bilete, samtale og eventuelt andre testar etter behov. Pasienten får informasjon om mulege risikomoment ved operasjonen. Ventetida er for tida om lag eitt år; frå mottatt tilvising til utført operasjon.

 

Operasjon

I samband med operasjonen (som tar om lag to timar) er pasienten inneliggande ved ØNH-avdelinga i 3-4 dagar. Stinga blir fjerna etter 10-14 dagar, anten ved ØNH-poliklinikken eller på heimstaden.

 

Lydpåsetting/ tilkopling (1-2 dagar) til ytre prosessor skjer om lag fire veker etter operasjonen. Alle etterjusteringar og kontrollar blir gjort ved ØNH/ Høyresentralen etter vurdering av individuelle behov. Det er vanleg med 3-4 justeringar det første året, mens nokre pasientar har behov for hyppigare finjusteringar.

 

Etter inngrepet

Når det gjeld utbytte av eit CI er det store individuelle variasjonar, og den CI-opererte må rekne med om lag eitt års tilvenningstid før ein har fullt utbytte av implantatet.

 

Når det gjeld lyttetrening etter CI-operasjon er dette eit kommunalt ansvar, og retten til rehabilitering er heimla i Opplæringslova §4A-2 og Trygdeloven §5-10.

 

Det statlige spesialpedagogiske støttesystemet, Statped, har regionale kompetansesentra med hørsel som fagområde, og kan støtte den kommunale opplæringsetaten.

 

Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Bergen arrangerer to typar kurs i samband med CI-aktiviteten:

 

1) CI-innføringskurs for kandidatar som står på venteliste for utgreiing eller operasjon.

2) CI-oppfølgingskurs for pasientar som har gjennomført operasjon.


Publisert 08.06.2010 14:41 | Endret 24.08.2010 09:31 

 Kontaktinformasjon

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo