Nevroklinikken vart oppretta i 2003 då Nevrologisk avdeling og Nevrokirurgisk avdeling vart slått saman. Dei to avdelingane er lokaliserte kvar for seg;
Nevrologisk avdeling i Gamle Hovedbygg og
Nevrokirurgisk avdeling i Sentralblokken.
Klinikken tek årleg imot nær 6000 pasientar for innlegging og om lag 15.000 pasientar for poliklinisk konsultasjon. I Nevrokirurgisk avdeling vert det utført kring 900 inngrep kvart år i tillegg til 250 behandlingar i Strålekniven.
Forskinga i Nevroklinikken er i hovudsak konsentrert om nevroimmunologi, paraneoplasi, slag, Parkinsons sjukdom, hjernesvulstar og hjernecyster.
Dei to avdelingane har ein felles poliklinikk.