Verksemda er knytt til Infeksjonsmedisinsk poliklinikk og går føre seg i Medisinsk poliklinikk sine lokale i 2. etasje (D-gangen) i Sentralblokka på onsdagar mellom 17 og 20.
Timebestilling:
Onsdagar i tidsrommet 17 -20 på telefon 55 97 69 50. Utanom dette tidsrommet vil telefonen ikkje bli tatt.
Du kan også bestille time ved å sende e-post til:
reisepoliklinikken@helse-bergen.no
Tilvisande legar kan sende brev til:
Reisepoliklinikken,
Infeksjonsmedisinsk poliklinikk,
Haukeland universitetssjukehus,
5021 Bergen
Skjema for den reisande: Side 1 Side 2
Skjemaet som den reisande og legen fyller ut i samarbeid inneheld spørsmål om reisa og tidlegare vaksinasjonar, samt informasjon om kva for vaksiner som er tilrådd og som blir gitt. Den reisande får utdelt skjemaet ved oppmøte på reisepoliklinikken og bør fylle ut så mykje som muleg før konsultasjonen. Skjemaet kan også skrivast ut frå lenkene over.
Føremålet med reisepoliklinikken er å styrke det eksisterande reisemedisinske rådgivingstilbodet i Bergen. I tillegg finnast det eit tilbod til andre legar i og utanfor sjukehuset for tilvising av klientar der spesielle forhold gjer det meir komplisert enn vanleg å vurdere kva for vaksiner og førebyggande antimalariamiddel som bør bli gitt. Reisepoliklinikken er bemanna av to legar frå Infeksjonsseksjonen, og ein assistent som set vaksinane og tar imot betaling for vaksinane og konsultasjonen. Betaling skjer helst via kortterminal.
Reisemedisinske råd:
Helseråd frå Kompetansesenteret for Tropemedisin og Importerte sjukdommar
Førebygging av malaria
Personleg hygiene
Reisediaré
Råd frå Folkehelseinstituttet
Vaksinasjon ved utanlandsreiser
Publisert
18.05.2010 21:57 |
Endret
26.04.2012 09:18