Medisinsk poliklinikk og dageining 

 
 

Vi held til i 2. etasje i Sentralblokka og har ekspedisjon like ved rulletrappene.

Telefontid 08.00 – 10.00 og 13.00 – 15.30
 
 Endo seksjon, tlf: 55 97 30 02
 Gastro/Nefro seksjon, tlf: 55 97 30 03
 Hemat/Infeksjon seksjon, tlf: 55 97 30 01


70-100 polikliniske pasientar og inntil 10 dagpasientar kjem til oss kvar dag.

Medisinsk poliklinikk er ein "lukka" poliklinikk. Det vil seie at alle pasientar må ha tilvising frå eigen lege til den spesialisten ein ønskjer. Nokon pasientar kjem også til kontroll etter å ha vore innlagde i sjukehuset.

Dagbehandlingseininga gir tilbod til pasientar som treng å vere i avdelinga i minst fem timar, men ikkje treng innlegging i sengepost. Dagpasientane har eige opphaldsrom og får mat på avdelinga.


Publisert 18.05.2010 22:10 | Endret 07.07.2011 12:45 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo