På Respirasjonsfysiologisk laboratorium er vi opptatte av å måle korleis lungene dine fungerer.
Kontakt oss
Omgrepet “lungefunksjon” inneber eigentleg fleire ulike funksjonar. Overordna funksjon er at oksygen skal bli tatt opp frå lufta og transporterast til blodet samtidig som karbondioksid i blodet blir skilt ut til lufta. Altså, O2 inn og CO2 ut. For at dette skal kunne skje er ein avhengig av at lungevevet får tilstrekkeleg ventilasjon av frisk luft og at lungevevet får tilstrekkeleg og tilpassa gjennomstrøyming av blod.
Ventilasjonen er avhengig av normale og opne luftvegar (hovudluftrøyr og bronkiar) og at lungevevet lar seg tøye normalt.
Som eksempel kan vi nemne at pasientar med Astma eller KOLS kan ha problem med passasjen i luftvegane slik at utluftinga blir vanskeleg.
For pasientar med Lungefibrose er det slik at lungevevet blir stivare og pasienten får ikkje fylt like mykje luft som normalt.
Luftpassasjen kan vi teste med vanleg spirometri der pasientane pustar så fort som dei klarer. Måling av det totale lungevolumet er noko meir komplekst, men kan også målast på vårt laboratorium.
Vi har i tillegg undersøkingar som måler samanhengen mellom blodgjennomstrøyming og gassutveksling, kor (over-) følsame luftvegane er, pusteapparatet sin muskelstyrke og pasienten sin totale fysiske kapasitet (ved måling av maksimalt oksygenopptak under belastning på tredemølle).
For å få mest muleg korrekte resultat, repeterer vi målingane. Vi gir nøye instruksjon om korleis pasienten skal trekke pusten og forstå kva målingane går ut på. Pasienten sjølv må være aktiv for at vi skal få gode målingar. Måling av lungefunksjonen medfører ikkje noko form for ubehag eller risiko.
Publisert
11.06.2010 13:56 |
Endret
14.10.2010 11:45