Kvinneklinikken gir årleg eit tilbod til 5000 fødande, men har også eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar generelt. Ved Kvinneklinikken arbeider om lag 500 medarbeidarar, som gjer det dei kan for at tilbodet skal bli best mogleg.
Parkering og oppussing av fasaden:
Den ytre fasaden på Kvinneklinikken (KK) blir pussa opp og vi er no inne i siste del av arbeidet. Frå februar og fram mot oktober 2012, vil fasaden på vestre fløy av KK bli pussa opp utvendig. Dette fører mellom anna til ein del støy og støv, samt færre parkeringsmoglegheiter utanfor KK.
Alle som skal på KK for avtalt time, bør rekne litt ekstra tid for å finne parkeringsplass. Vi håpar at dei som har muligheit til å parkere andre stader gjer det, slik at dei få plassane er ledig for dei pasientane og pårørande som treng det.
Parkeringsautomaten på parkeringsplassen mellom Kvinneklinikken og Augeavdelinga er flytta inn ved hovudinngangen i Augebygget. Augebygget ligg vis a vis hovudinngangen på Kvinneklinikken.
Vi beklagar dei problem det måtte føre med seg for våre pasientar og pårørande!