Poliklinikken er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk for vaksne over 18 år med opptaksområdet Bergenhus bydel.
Telefon: 55 33 84 00
Besøksadresse: C. Sundtsgt. 57, 5004 Bergen
Postadresse:
Haukeland universitetssjukehus
Kronstad DPS, Bergenhus allmennpsykiatrisk poliklinikk
5021 Bergen
Målgruppe
Poliklinikken skal tilby psykiatrisk utgreiing og behandling av allmennpsykiatriske problemstillingar etter tilvisning , der pasienten vert vurdert å ha "rett til nødvendig helsehjelp". (jmf "Lov om pasientrettigheitar"). I praksis vil det sei at pasientar med alvorlige psykiske plager og høgt lidingstrykk blir prioritert og får eit tilbod innan ein frist.
Kva kan vi tilby
Poliklinikken har kompetanse innan biologisk psykiatri (behandling med medikamenter), kognitiv terapi, korttid- og langtids gruppebehandling og psykodynamisk samtaleterapi. Vi har kurs (psykoedukation) innan meistring av depresjon (KID kurs ) og av Bipolar liding.
Poliklinikken samarbeider med fastlegar, NAV, avd. psykisk helse , sengeposter ved sjukehus og DPS og andre relevante instansar. Vi kan og tilby rettleiing og undervisning.
Korleis er vi organisert
Behandlarane er delt i to tverrfagleg samansette team som vert leia av psykiater eller psykologspesialist. Pasientsaker vert drøfta i teama for å sikre et faglig godt tilbod på tenesta. For pasientar i behandling vert det regelmessig sendt eit oppsummeringsnotat til fastlegen eller tilvisande instans.
Tilvisingane kjem for det meste frå fastlege, men nokre kjem også frå legevakten og sjukehuset
Tilvisinga
Alle tilvisingar vert vurdert av poliklinikkleiar. Pasienten si helsetilstand vert primært vurdert ut frå opplysningar i tilvisinga, og det er derfor viktig at denne inneheld relevante opplysningar om sjukehistoria, symptoma og forsøk på behandling. Vurderinga av tilvisninga skal skje innan 30 virkedagar frå tilvisinga er motteken, innan 10 virkedagar for vaksne under 23 år (jmf "Lov om pasientrettighetar", kap.2).
Ventetid for oppfølging/behandling av pasientar som får "rett til nødvendig helsehjelp", vert vurdert ut frå det som er medisinsk forsvarleg og er individuell for kvar pasient. Fristen er derfor avhengig av pasientens tilstand og ikkje av poliklinikkens kapasitet. I poliklinikken per i dag vil dei fleste med "rett til helsehjelp" kunne få time i løpet av 1-3 mnd avhengig av problemstilling.
Dersom poliklinikken ikkje klarer å holde fristen kan pasienten få hjelp via NAV pasientformidling (sjå: dine rettighetar som pasient)
Pasientar som vert vurdert å ha "rett til nødvendig helsehjelp" i spesialisthelsetenesta, vert kalla inn til vurderingssamtale. Dersom det er aktuelt med vidare oppfølging i poliklinikken, vil det oftast bli gjort ei utgreiing før det vert teke stilling til vidare behandling.
Det er sjeldan mogeleg å gje tilbod om mange års oppfølging i poliklinikken, og dersom ein ønskjer langtidspsykoterapi, kan pasienten visast til privatpraktiserande spesialist som har avtale med Helse Vest RHF. (jmf helse vest nettsider) Eigenandelen er den same som ved poliklinikken.
Ein del pasientar vurderast å ha trong for helsehjelp frå spesialisthelsetenesta, men ikkje "rett til nødvendig helsehjelp". Dei får brev om dette og settes på venteliste som "rett til annen helsehjelp". Poliklinikken pliktar å føre venteliste for denne gruppa med pasientar, men har i dag liten kapasitet til å gje eit tilbod. Tilvising til privatpraktiserande spesialist vert tilrådd .
Generell informasjon
Poliklinikken har same elektroniske journalsystem som sjukehuset, men tilgang er avgrensa ut i frå oppgåver ein har . Pasientar har rett til å be om sperring av journal og utskrift av journal.
Publisert
06.06.2010 20:47 |
Endret
11.05.2011 12:15